Politi | 26. juli 2024

Eldre mann køyrde feil veg i tunell

Fekk hjelp av ambulansepersonell.

Eldre mann køyrde feil veg i tunell
Det eine løpet i Skogafjellstunnelen blei stengt ein periode. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 26. juli 2024 06:32

I 11.20-tida torsdag fekk politiet melding om ein bilist som køyrde i feil retning i Skogafjellstunnelen.

Tunelløpet blei stengt ein periode.

– Vedkomande, ein mann på 93 år, fekk rettleiing av ambulansepersonell, så han kom seg til Bergen, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Ifølgje vitne skal han ikkje ha vore inni sjølve tunellen, men stoppa ved ei havarilomme og prøvde å rygga tilbake.

Litt over midnatt natt til fredag fekk politiet klage på høg musikk i eit nabolag i Halhjem-området.

– Det blei ingen operative tiltak. Det kom heller ingen fleire klagar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.