Knuste rute då den sneik seg forbi semitrailer
Politiet fann bilen igjen.
Torsdag i 11.30-tida blei ein semitrailer ståande i rundkøyringa mellom E39 Byvegen og Industrivegen.
Politiet rykte ut og dirigerte på staden.
Litt over klokka 12 kom tungbilbergar og frakta traileren opp på ei lomme i Ulvenvegen, der den ikkje lenger var til hinder for trafikken.
– Årsaka skal ha vore problem med giret, ifølgje sjåføren, seier politioverbetjent Anne Lyssand.
Patruljen fekk høyra om ulike «stunt» av medtrafikantar.
– Nokre skal ha køyrd motsett veg gjennom rundkøyringa, for å koma seg fram, ein annan knuste si eiga siderute då den sneik seg forbi semitraileren.
Glasskor blei liggande igjen i vegen. Bilen køyrde vidare.
– Den sistnemnde fann patruljen igen seinare, parkert på ein verkstad i Os. Det blir ingen politisak, men du pliktar å stoppa etter ein samanstøyt.
– Generelt bør enkelte ta det litt meir med ro om noko oppstår. Sjølv om du gjerne har det travelt, skal du altid ta omsyn og vera varsam.