Politi | 22. okt. 2023

Ber om informasjon etter bulk i Lepsøykrysset

Promillekontroll og påkøyrsle.

Ber om informasjon etter bulk i Lepsøykrysset
Lepsøykrysset. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy.)
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnessundag 22. okt. 2023 08:56

Laurdag morgon cirka klokka 08 gjennomførte politiet ein promillekontroll.

Kontrollen fann stad i Hegglandsdalen ved Borgafjell barneskule.

– Det blei kontrollert 12 førararar, men ingen førte til reaksjoner, opplyser vakthavande politibetjent.

Seinare på kvelden cirka klokka 18.15 fekk politiet melding om påkøyrsle bakfrå i låg fart. Hendinga var i Lepsøykrysset.

Bilen som køyrde på meldar, køyrde frå staden.

– Det er ikkje meldt om personskade, men materielle skadar på påkøyrd bil.

Politiet opplyser at saka vil bli anmeldt i ettertid.

Dersom nokon har opplysningar om påkøyrsla kan dei kontakte politiet på 02800.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.