Næringsliv | 20. feb. 2016

Askeladden sel godt på båtmessa

– Pågangen er som då båtmarknaden var på topp for 10 år sidan, seier Jonathan Dyrstad frå Båtens Beste.

Askeladden sel godt på båtmessa
Nye Askeladden C65 blir i helga vist for første gong i Noreg under båtessa på Sotra. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 20. feb. 2016 22:38

Bildeserie:

I 8000 kvm fotballhall på Straume er heile messa samla under eitt tak. (Foto: KVB)
I 8000 kvm fotballhall på Straume er heile messa samla under eitt tak. (Foto: KVB)
Stefan Olsen fortel om betre besøk enn venta og god stemning. (Foto: KVB)
Stefan Olsen fortel om betre besøk enn venta og god stemning. (Foto: KVB)
Askeladden har med seg ni båtar til messa. (Foto: KVB)
Askeladden har med seg ni båtar til messa. (Foto: KVB)
Den første C65-en er allereie selt. (Foto: KVB)
Den første C65-en er allereie selt. (Foto: KVB)
Jonathan Dyrstad og Christian Holko. (Foto: KVB)
Jonathan Dyrstad og Christian Holko. (Foto: KVB)
Kabinen på C65. (Foto: KVB)
Kabinen på C65. (Foto: KVB)
Godt besøk på standen laurdag formiddag. (Foto: KVB)
Godt besøk på standen laurdag formiddag. (Foto: KVB)
Alutec frå Os stiller ut med brygger. (Foto: KVB)
Alutec frå Os stiller ut med brygger. (Foto: KVB)
Espen Aspenes frå Alutec var ein travel mann i dag. (Foto: KVB)
Espen Aspenes frå Alutec var ein travel mann i dag. (Foto: KVB)
1 av 9

Torsdag starta båtmessa Dra til Sjøs, som i år er flytta til fotballhallen i Straume Idrettspark på Sotra.

Med 8000 kvadratmeter utstillarareal er messa rekordstor - og tilbake tidleg på året, i februar.

– Vi hadde 1118 gjestar torsdag, 1688 fredag og før det var gått tre timar laurdag hadde vi over 2000 inn dørene, fortel teknisk ansvarleg Stefan Olsen frå Sotra Sportsklubb.

Sjølv om messa har fri entré tel arrangørane gjestane. På det meste hadde båtmessa i Arenum rett over 19.000 gjestar.

– Vi hadde mål om 3500 laurdag og litt færre søndag. Vi når nok langt fleire enn det vi hadde håpa på og stemninga er god både hos vertskapen Dra til Sjøs AS og hos utstillarane.

Trass stor pågang laurdag formiddag var det ingen kø inn til parkeringsplassane. Frå plassane lengst frå inngangen går det shuttelbuss.

Askeladden har selt sin første C65

Messa har òg utstillarar frå Os. Hos stillas- og bryggeprodusent Alutec var det travelt, hos Askeladden Boats var det svært folksamt.

– I går selte vi den første C65-en. Vi har òg skrive kontrakt på C75 og på ein Pilot House-båt. Skal du ha ny båt på sjøen i år bør du vera rask, fortel Jonathan Dyrstad.

Kollega Christian Holko fortel at Askeladden stiller med 9 Askeladden og 3 Hobby på messa.

Nye Askeladden C65 hadde verdslansering på båtmesse i Gøteborg for nokre veker sidan.

– Eg var først litt lunken til å flytta messa under tak igjen, det kostar meir å ta alle båtane på land. Men no ser det ut til å vera verdt det. Med fantastisk besøk og stor interesse kjennest dette ut som då båtmarknaden var på topp. Vi kjem nok til å selja minst fem båtar her ute, og fleire i vekene som kjem, trur Dyrstad.

– Vi hadde så godt sal på tampen av 2015, og har hatt så god start på 2016 at det er sett i gang ekstraproduksjon på fabrikken. Både i Gøteborg og Helsinki var det auka besøkstal og arenaen her på Sotra imponerer meg. Vi hadde eit godt år i fjor, men det ser allereie langt betre ut i år, seier Henrik Askvik.

Midtsiden kjem tilbake med stor bildeserie frå resten av messa i eigen sak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.