Næringsliv | 16. jan. 2016

– Dette blir årets bestseljar

Askeladden går endeleg med overskot. Suksessane C75 og C61 får no ein bror midt i mellom, i februar blir C65 Cruiser lansert, på Sotra!

– Dette blir årets bestseljar
Askeladden C65 Cruiser blir lansert på messa Dra til Sjøs, som i februar blir arrangert på Sotra. (Foto: Askeladden Boats)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 16. jan. 2016 09:48

Bildeserie:

C75 kom i 2014 og blei nominert til fleire prisar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
C75 kom i 2014 og blei nominert til fleire prisar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
I 2015 kom C61. (Foto: Askeladden Boats)
I 2015 kom C61. (Foto: Askeladden Boats)
I februar i år blir C65 lansert. (Foto: Askeladden Boats)
I februar i år blir C65 lansert. (Foto: Askeladden Boats)
Askeladden C65 er bygd for motor frå 150 til 250 hk. (Foto: Askeladden Boats)
Askeladden C65 er bygd for motor frå 150 til 250 hk. (Foto: Askeladden Boats)
C65 er 6,45 mter lang og 2,46 brei. (Foto/ill: Askeladden Boats)
C65 er 6,45 mter lang og 2,46 brei. (Foto/ill: Askeladden Boats)
For dagsturar for større familiar eller overnatting for to. (Foto/ill: Askeladden Boats)
For dagsturar for større familiar eller overnatting for to. (Foto/ill: Askeladden Boats)
C75 blei nominert til fleire prisar. C65 (bildet) er bygd på same design. (Foto: Askeladden Boats)
C75 blei nominert til fleire prisar. C65 (bildet) er bygd på same design. (Foto: Askeladden Boats)
Jonathan Dyrstad fortalte i fjor om auka sal av store motorar. (Foto: KVB)
Jonathan Dyrstad fortalte i fjor om auka sal av store motorar. (Foto: KVB)
1 av 8

Trass låg oljepris og låg kronerkurs har Askeladden Boats lykkast både i å koma over 100 millionar kroner i omsetnad igjen, for første gong sidan 2012, og gå med millionoverskot for første gong på fleire år.

– Båtmarknaden har vore tøff, men vi klarte oss godt gjennom 2015. Den varme sommaren i 2014 var nok med på å gje oss ein god start på fjoråret, lansering av C61 var med på å gje oss eit godt årsresultat, seier Jonathan Dyrstad frå salsavdelinga Båtens Beste på vegne av fabrikken.

Fabrikken selte over 300 båtar i fjor. Den dei selte flest av var den nye modellen C61. Minstemann i flåten blei lansert i fjor, i tre variantar, Center Console, Cruiser og BowRider, og er basert på same design som C75, som året før kom i to utgåver og blei nominert til fleire prisar.

Rask nykomar i 2016

Det var ikkje overraskande at den minste båten var den som i volum selte best. Likevel trur Dyrstad at årets nye modell, Askeladden C65 Cruiser, vil bli årets bestseljar.

– Nye båtar sel alltid godt, dessutan trur vi denne kan treffa endå fleire, både i storleik og prisklasse.

C65 er 6,45 meter lang, 2,46 brei og veg 1400 kilo utan motor.

Les òg: – No vil alle ha stor motor

Båten er bygd for 7 passasjerar og motor frå 150 til 250 hestekrefter, og vil med største motor få ein toppfart på rundt 48 knop.

– C65 med 200 hk er berre 150.000 kroner dyrare enn C61 med 150 hk og 200.000 kroner billigare enn C75 med 300 hk.

– Den er meir romsleg enn C61 og vil med største motor topline-pakke gå på tilbodspris for 650.000 kroner.

Lansering på Sotra (!) i februar

Prototypen av Askeladden C65 skal lanserast i siste halvdel av februar.

Båtmessa Dra til sjøs er tilbake til februar månad og under tak igjen etter sju år utandørs ved Vil Vite, der den har vore i brygge og telt og stadig seinare på året.

Messa blir arrangert i nye Sotra Arena i Straume Idrettspark. Sotra Arena, som husar tre handballhallar, er dobbelt så stor som Dra til Sjøs sitt førre, faste messelokale, Arenum, var.

Dra til Sjøs blir i år arrangert frå 18. til 21. februar.

Midtsiden samleside: Askeladden

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.