Lokal | 07. feb. 2016

Her skal neste båtmesse arrangerast

Etter fire år vis a vis Arenum blir Dra til Sjøs flytta.

Her skal neste båtmesse arrangerast
Straume Idrettspark har blant anna vore vertsskap for bilmesser. I februar kjem Dra til Sjøs til Sotra. (Foto: SK Sotra)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 07. feb. 2016 20:59

Bildeserie:

Straume Idrettspark består av både fotballhall og trippel handballhall. (Foto: SK Sotra)
Straume Idrettspark består av både fotballhall og trippel handballhall. (Foto: SK Sotra)
1 av 1

2011 blei siste år med båtmesse i Arenum. Hallen blei riven og messa heldt seg flytande frå 2012 til 2015 på den andre sida av Damsgårdssundet, i brygge og telt ved VilVite.

– No bestemte vi oss for å endra lokalisasjon på messa, seier Christer Midthun.

Midthun frå Viknes er styreformann i Dra til Sjøs AS og styremedlem i Norboat Vest.

Til Sotra – i februar

Årets båtmesse skal arrangerast i Straume Idrettspark. Ikkje i den triple handballhallen Sotra Arena, men i den 8000 kvadratmeter store fotballhallen.

– Vi har vore vertskap for både Offshore Technology Days og bilmesser. No ser vi fram til å ta imot både bustadmesse og båtmesse i februar, fortel Stefan Olsen i SK Sotra.

– Responsen har vore fantastisk, vi har berre nokre få ledige kvadratmeter.

Olsen jobba tidlegare for Arenum og var teknisk ansvarleg for Dra til Sjøs frå 90-talet fram til i fjor. No er han arrangementsansvarleg for SK Sotra.

– I tillegg til gode fasilitetar er vi veldig nøgd med å få messa i februar igjen. I april er det mykje anna som skjer, dessutan er det lettare for utstillarane å få levert før ferien når dei sel tidleg på året, seier Midthun.

Dra til Sjøs 2016 blir arrangert 18. til 21. februar.

Straume Idrettspark ligg ein kilometer sør for Sartor Senter.

Askeladden og Alutec er blant utstillarane frå Os. Askeladden lanserer i vinter den nye daycruiseren C65 Cruiser.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.