Arrangerer Osløpet likevel
I fjor blei det koronapause, i år går Osløpet noko seinare på året enn vanleg.
I 2017 fekk Os Sentrumsforening og Os TF Friidrett gang i Osløpet igjen.
Etter vellykka gjennomføring og oppslutnad i tre år på rad, alle i august, blei det pause under pandemien i fjor og ingen løp i august i år.
Men det blir Osløpet likevel - laurdag 30. oktober går startskotet i alle dei fire klassane.
– Vi er glad for at vi får til å gjennomføra det i år, seier Åge Guldbrandsøy frå Os TF Friidrett.
– Det er ikkje ei stor inntektskjelde til klubben, men det er kjekt å skapa aktivitet, og så kan det henda at det genererer litt rekruttering.
Arrangementet har lagt nokre dagar på osturn.no, og påmeldinga er så vidt i gang.
Kort løype, som var ny i 2019, er med vidare.
Deltakarmengde i 2019 (2018 i parantes):
Barneløpet: 111 (126)
Stafett: 12 lag a 5 deltakarar (15)
Osløpet 6,5 km: 48 deltakarar (54)
Trimklassen 3,5 km: 8 (ny klasse/distanse i 2019)
Påmelding er online via link frå osturn.no.
Barneløpet i klassane 3-6 år, 7-9 år og 10-11 år, er gratis.
– Kva med Ulvenvatnet Rundt, kan det løpet også koma tilbake?
– Det blei dessverre ikkje Ulvenvatnet Rundt verken i fjor eller i år. Neste år har vi noko større på gang, som vi vil fortelja om i neste veke, men det er godt mogleg at vi køyrer Ulvenvatnet Rundt i 2023, seier Gulbrandsøy.