Sport | 25. aug. 2019

Spreidde løpeglede i sentrum

111 ungar frå 3 til 11 år deltok i Osløpet.

Spreidde løpeglede i sentrum
Ein av dei tre startane i barneløpet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 25. aug. 2019 15:24

Bildeserie:

Fint vêr og godt oppmøte. (Foto: KVB)
Fint vêr og godt oppmøte. (Foto: KVB)
Os Sentrumsforening arrangerer løpet saman med Os Turn friidrett. (Foto: KVB)
Os Sentrumsforening arrangerer løpet saman med Os Turn friidrett. (Foto: KVB)
Speaker: Tore Kleppe. (Foto: KVB)
Speaker: Tore Kleppe. (Foto: KVB)
Start 3-6 år. Med litt knall og fall. (Foto: KVB)
Start 3-6 år. Med litt knall og fall. (Foto: KVB)
Raskast: Theodor Birkelund Ringdal. (Foto: KVB)
Raskast: Theodor Birkelund Ringdal. (Foto: KVB)
Raskaste jente var Alvilda Alvheim Skåtøy. (Foto: KVB)
Raskaste jente var Alvilda Alvheim Skåtøy. (Foto: KVB)
Start 7-9 år. (Foto: KVB)
Start 7-9 år. (Foto: KVB)
Thomas Heggland Sælen var raskast i år igjen. (Foto: KVB)
Thomas Heggland Sælen var raskast i år igjen. (Foto: KVB)
Andreas Midtsæter-Svendal var nestemann i mål. (Foto: KVB)
Andreas Midtsæter-Svendal var nestemann i mål. (Foto: KVB)
Marie Dale Tveit var raskaste jente. (Foto: KVB)
Marie Dale Tveit var raskaste jente. (Foto: KVB)
Start 10-11 år. (Foto: KVB)
Start 10-11 år. (Foto: KVB)
Jakob Austevoll Harlem, som òg vann i fjor, kom først i mål. (Foto: KVB)
Jakob Austevoll Harlem, som òg vann i fjor, kom først i mål. (Foto: KVB)
Håvard Stangeland Lunde tok 2. plass, som i fjor. (Foto: KVB)
Håvard Stangeland Lunde tok 2. plass, som i fjor. (Foto: KVB)
Raskaste jente var Frida Steinsland. (Foto: KVB)
Raskaste jente var Frida Steinsland. (Foto: KVB)
Så var det premieutdeling til alle. (Foto: KVB)
Så var det premieutdeling til alle. (Foto: KVB)
1 av 15

Laurdag blei Osløpet arrangert for tredje år på rad.

Stian Bråthen Johannessen og Kjersti Tyse Lyssand sette kvar sin løyperekord og vann hovud-distansen på 6,5 km, og ein ung kameratgjeng frå Nore Neset il stakk av med sigeren i stafetten, der KrF blei raskaste politiske parti.

Før 6,5 km og stafett, der fleire born og ungdomar deltok, var det eige barneløp i tre klassar.

Her var det fleire deltakarar som vi har sett før, blant anna Thomas Heggland Sælen og svømmetalentet Jakob Austevoll Harlem, som vann både i fjor og i år.

Alle fekk premie - her er dei raskaste i Osløpet 2019:

3-6 år
Theodor Birkelund Ringdal 02,20
Alvilda Alvheim Skåtøy 02,42

7-9 år
Thomas Heggland Sælen 01,50
Marie Dale Tveit 02,23

10-11 år
Jakob Austevoll Harlem 01,39
Frida Steinsland 01,56

God deltaking på kort varsel

I alt var det 111 born som deltok, 59 av dei i den yngste klassen.

Trass kort frist og knapp annonsering var det over 200 deltakarar i år òg.

Dei fordelte seg sånn (2018 i parantes):
Barneløpet: 111 (126 i fjor)
Stafett: 12 lag a 5 deltakarar (15 lag i fjor)
Osløpet 6,5 km: 48 deltakarar (54)
Trimklassen, 3 km: 8 (ny klasse/distanse i år)

Sjå komplett resultatliste på eqtiming.com

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.