Helse | 31. okt. 2021

Anne Hanshus og Trude Drevland på talarlista

To dagar med «Trygg i Bjørnafjorden» i Oseana.

Anne Hanshus og Trude Drevland på talarlista
Oseana ein seinsommarmorgon i år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 31. okt. 2021 12:27

I 2012 inviterte Os kommune for første gong til konferansen «Trygg i Os».

Målgruppa for konferansen er eldre heimebuande personer, som kommunen ønskjer å nå med informasjon om tenester og aktivitetar som kan skapa tryggleik og livsglede.

I 2019 var siste «Trygg i Os», i 2020 blei «Trygg i Bjørnafjorden» avlyst grunna koronapandemien.

«Trygg i Bjørnafjorden» ser dagens lys den komande veka, med program spreidd over to nesten like dagar.

– I år er det program fordelt på to dagar, for å ha romsleg med plass, og med to ulike foredragshaldarar innan temaet «Leve heile livet».

– Det er selt godt med billettar, og vi gler oss, seier Grete Byrkjeland, avdelingsleiar for kultur og fritid i Bjørnafjorden kommune.

Programmet

Tysdag 2. november
10.45 Dørene opnar til Oseanasalen
11.00 Velkommen ved Tove Hille, leiar i Os frivilligsentral
11.15 Lunsj levert av Oseana kafé og restaurant
12.00 Sardinen singers musikkinnslag
12.10 Program fortset på scenen

  • Opning ved ordførar Trine Lindborg
  • Bjørnafjorden eldreråd ved leiar Bjørn Sivertsen
  • Pensjonistforbundet Bjørnafjorden ved leiar Terje Hermansen
  • Sardinen singers musikkinnslag
  • Foredrag ved Anne Hanshus, seniorrådgjevar helse, Pensjonistforbundet
  • Førebyggande teneste ved leiar Espen Storum
  • Friskus og Digihjelpen ved Tove Hille og Victoria Dale, leiar Fusa Frivilligsentral
  • Sardinen singers musikkinnslag

14.30 Takk for i dag og vel heim!

Onsdag 3. november
10.45 Dørene opnar til Oseanasalen
11.00 Velkommen ved Tove Hille, leiar i Os frivilligsentral
11.15 Lunsj levert av Oseana kafé og restaurant
12.00 Sardinen singers, musikkinnslag
12.10 Program fortset på scenen

  • Opning v/ ordførar Trine Lindborg
  • Bjørnafjorden eldreråd ved leiar Bjørn Sivertsen
  • Pensjonistforbundet Bjørnafjorden ved leiar Terje Hermansen
  • Sardinen singers, musikkinnslag
  • Foredrag ved Trude Drevland, leiar av råd for et aldersvennlig Norge
  • Førebyggande teneste ved leiar Espen Storum
  • Friskus og Digihjelpen ved Tove Hille og Victoria Dale, leiar Fusa Frivilligsentral
  • Sardinen singers, musikkinnslag

14.30 Takk for i dag og vel heim!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.