– De er ein ressurs
Det var bodskapet då Os kommune inviterte seniorane i bygda til «Trygg i Os» i Oseana måndag.
For tredje året på rad iniviterte ei tverrfagleg gruppe satt samen frå forskjellige einingar i kommunen til seniorkonferansen «Trygg i Os». Omlag 300 seniorar fann i år vegen til Oseana for fagleg påfyll, kulturelle innslag og triveleg drøs over nydelege snitter.
– Fokuset i år er på ressursar.
– Det er doke det. De er ein god ressurs, helsa Tove Hille, programleiar og dagleg leiar i Os Frivilligsentral før ho lot ordføraren ta den offisielle opninga.
Bonus for seg sjølv og andre
Ordførar Terje Søviknes (Frp) støtta Hille i at dei sto framfor ei stor forsamling med ressursar.
– Det er viktig at de lever eit rikt og innhaldsrikt liv. Gjer de det kan de òg vera ein ressurs for andre.
– Mange av de er engasjerte i dei mange frivillige laga og organisasjonane vi har i bygda.
– Denne dugnaden for lokalsamfunnet som de er med på blir berre viktigare og viktigare i åra som kjem, etterkvart som andelen av personar i arbeidsfør alder går ned.
– Difor må vi som kommune og lokalsamfunn blir betre på å utnytta og legge tilrette for dei ressursane som ligg i frivillig sektor.
– Er ein aktiv i eit lag, så hjelp ein ikkje berre andre, men ein hjelp seg sjølv òg med å halde helsa intakt, påpeika Søviknes.
– Ta ein sundagstur
Som leiar av den lokale aksjonsgruppa for årets TV-aksjon lot ikkje ordføraren sjansen gå frå seg til å komma med ei oppmoding.
– Os er vald ut til å vera ei av tre kommunar som blir følgd ekstra under TV-aksjonen den 19. oktober.
– Årets aksjon går til Kirkens Nødhjelp og deira prosjekt med å skaffa vatn. Vi tek det som sjølvsagt at vi har vatn, vi dusjar til og med i drikkevatnet vårt. Slik er det ikkje over alt.
– Difor har eg ei klar oppfordring til dykk. Ta ein sundagstur den 19. oktober og vis at vi i Os kan gjera ein ekstra innsats.
I tillegg til ordføraren sin appell fekk dei frammøtte høyra om Frivilligsentralen sitt virke, brannførebyggande råd frå leiar for forebyggande eining Anne Kjersti Storebø og nye tilbod i Os ved tryggleikssjukepleiar Bjørg Aspenes Sjøbø. Dei kulturelle innslaga sto hardingfelespelar Benedicte Maurseth og Bergen Vest Seniorteater for.
I foajeen var 21 organisasjonar og kommunale tenester representert med stands.