Stinn brakke!
Seniortreffet i Oseana er fullteikna. – No er det fullt på foredraget, men vi opnar opp for fleire til konserten med Helge Jordal, seier Oseanadirektøren.
Måndag arrangerar Oseana for første gong seniortreff i samarbeid med Senioruniversitetet, Os kommune og GC Rieberfondene.
– No er alle dei 300 billettane riven vekk, strålar Oseanadirektør, Ole Tobias Lindeberg.
Les òg: – Er så gøy!
Dekkar i tre salar
Mellom foredraget med Bettina Husebø og konserten med Helge Jordal og Harald Dahlstrøm serverar Lindeberg kaffi og kake på deltakarane.
– Foredraget og konserten køyrer vi med amfi i Oseanasalen.
– Serveringa må vi ta rundt bord i foajeen, restauranten og i Vargasalen.
– Vi klarar ikkje dekke bord til fleire enn 300, beklagar Lindeberg.
Sel billettar til konserten
For å imøtekomma den enorme interessen har Lindeberg og staben på Oseana bestemt seg for å selja eigne billettar til konserten klokka 13.
– Det er ei heilt enorm interesse. Det kjem folk frå både Fusa og byen, ler Lindeberg.
– I amfi har vi plass til 500, så no legg vi ut 200 ekstra til den siste delen.
– Dei som vil ha billett til dette må koma og kjøpe i resepsjonen her på Oseana, avsluttar direktøren.