Alle i bygget fekk frisk luft
Nok ein alarm i Brugata.
Måndag gjekk alarmen i Handlegården i Brugata.
Både privatpersonar med bustad i bygget, næringsdrivande og mosjonistar måtte evakuerast.
– Det var ingen brann. Detektoren som var utløyst er på eit næringsareal, årsak er uviss, fortel utrykkingsleiar Kristoffer Hauge.
Det er ikkje første gong det går automatisk brannalarm (ABA) i det store sentrumsbygget. Det er heller ikkje lenge sidan førre gong.
Men når det kjem til brannvesenet kan du ropa ulv så mange gongar du vil utan å risikera å stå utan hjelp den dagen det brenn.
– Vi rykker ut som om det er full fyr, sjølv om det ofte er annan årsak når det kjem til desse ABA-utrykkingane, seier Hauge.
– Bygget i Brugata er stort, med mange ulike bedrifter og bebuarar, så det krev av og til litt tid å finna rett detektor. Når den er funne, og vi kan konstatera at det ikkje brenn nær denne, kan vi avslutta.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.