9,3 millionar til koronaråka kultur og idrett
Arrangørar av kultur- og idrettsaktivitet som har blitt råka av koronapandemien, kan no søkje Vestland fylkeskommune om støtte.
Det er difor i hovudsak statlege styresmakter som har teke på seg å kompensere for tap. Likevel har både Vestland fylkeskommune og fleire av kommunane i fylket sett i verk eigne ordningar for å bøte på konsekvensane av krisa.
Hovudutval for kultur, idrett og integrering vedtok 8. september vedtok å lyse ut 9,3 nye millionar.
– Vi veit framleis ikkje korleis situasjonen vil bli for kultur- og idrettsaktivitet framover. Men planane til staten er at aktiviteten skal opp mot det normale i løpet av hausten, seier Stian Davies, leiar for hovudutval for kultur, idrett og integrering.
– Vi håpar at midlane vi no lyser ut, skal vere med og hindre fråfall og ikkje minst stimulere til å gjenoppta aktivitet.
I utlysing av midlane kan både enkeltorganisasjonar og aktørar og nettverks-/paraplyorganisasjonar søkje. Sistnemnde kan så vidareformidle til medlemer eller deltakarar, der dei ser det er størst behov.
Søknadsfristen er 10. oktober.
Du kan lesa meir om ordninga på vestlandfylke.no.