17,8 millionar koronakroner til kultur og idrett
Offentlege og private verksemder kan no søkje fylkeskommunen om støtte til planlagt kultur- og idrettsaktivitet, som får auka utgifter på grunn av koronapandemien.
Hovudutvalet vedtok å lyse ut midlane i møtet 16. september. Det kjem meir informasjon om korleis ein går fram for å søkje om dei ekstraordinære koronamidlane på nettsida til fylkeskommunen når dette er klart.
– Koronakrisa gjer at mange aktørar har måtta redusere aktiviteten sin betrakteleg, og dei har ikkje fått den innteninga dei skulle hatt. Pengane vi lyser ut no er ekstraordinære midlar som skal gå til ordinær aktivitet. Vi vil bidra til å oppretthalde aktivitet på både idretts- og kulturfeltet, sjølv med dei restriksjonane som pandemien fører med seg, seier Stian Davies, leiar for hovudutval for kultur, idrett og integrering.
Til saman 35 millionar til kultur og næring
Dei 17,8 millionar kronene kultur- og idrettslivet no kan søkje om, er halvparten av summen fylkestinget løyvde i juni for å dempe koronaverknadane for nærings- og kulturlivet. Hovudutval for næring fordeler den andre halvparten etter at saka har vore oppe på hovudutvalsmøtet i oktober.
Pengane er del av overskotet i Sogn og Fjordane og Hordaland fylkeskommunar i 2019.
Lyser ut breitt
Søknadsfristen blir 1. november, og det er mogleg å søkje om støtte til aktivitet i både 2020 og 2021. Hovudutvalet har bestemt at pengane skal lysast ut breitt inn mot felta idrett og friluftsliv og både frivillig og profesjonelt kulturliv.
– Mange blir ikkje plukka opp av dei statlege ordningane, og det er desse vi ønskjer å nå i denne omgangen. Slik vil vi vere med og gje kultur- og idrettssektoren mest mogleg føreseielege rammer for å halde oppe aktiviteten, seier Davies.