Jakt, fiske og natur | 09. juli 2024

Vurderer å opna for laksefiske i august

– Vi håper på godt innsig framover.

Vurderer å opna for laksefiske i august
Leiar i grunneigarlaget, Roald Helle. (Arkivbilde, foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 09. juli 2024 21:03

Ein lang prosess er ved vegs ende, og Osvassdraget har fått sjanse til gjenopning, då etter lokalt forvaltningslags vurdering, opplyser grunneigarlaget i dag.

– Vi set stor pris på god dialog med Norske Lakseelver, direktoratet og andre aktørar i denne prosessen, uttaler formann Roald Helle.

Det blir presisert at Osvassdraget ikkje blir opna for fiske før tidlegast 1. august.

– Endeleg vurdering blir tatt siste veka i juli. Vi håper på god oppgang i tida som kjem!

– Er det allereie observert noko oppgang av laks?

– Ja, heldigvis. Det har fått nokre gode stimar opp.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.