Jakt, fiske og natur | 31. mars 2024

Nye fiskereglar for Os hamn

Smuttholet som blei oppdaga i fjor er vekke.

Nye fiskereglar for Os hamn
Denne laksen luftar seg i forbodssona, der det er totalfreding året rundt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 31. mars 2024 20:13

Statsforvaltaren har laga nye reglar for fiske utanfor vassdrag med laks og sjøaure.

Fisketida for laks og sjøaure i fredingssonene vil no følgja opning for fiske etter laks eller sjøaure* i vassdraget.

Sjå kart og reglar for tre soner lengre nede.

– Det som er enklare no, er at reglane i dei to sonene utanfor grense elv-sjø følgjer tidene i Oselvo, at fiskarar utanfor elva slepp å forholda seg til både 1. juni og 15. juli, seier formann i grunneigarlaget, Roald Helle.

Fisketidene etter laks i Oselvo er i år 1. juni til 31. august.

– Dette med dorging var kjekt! legg han til.

– Det vi lurer på, som eg vil undersøka med Statsforvaltar over påske, er dette med at dei følgjer reglane i elva. For det er ikkje sikkert at vi opnar for sjøaure i elva i år heller.

*Om sjøaure i og utanfor Oselvo: I år 2000 blei det fiska 681 aure i Oselvo, i 2009 var talet nede i 35. 2011 er sist det var fiske etter sjøaure i Oselvo, då blei det tatt berre 10. Frå 2012 har det vore forbod mot å ta sjøaure i heile Osvassdraget. Bestanden kjem seg ikkje opp igjen om det blir fiska sjøaure rett på utsida av elva.

Helle håper folk legg merke til at fiske i den inste av dei to sonene i sjø, må forholda seg til kvotene for elva i tillegg til fisketidene.

Og så skulle han ønskt at det var enklare å sjå grensene i hamna.

– At det er to ulike soner utanfor elva, kan skapa forvirring. At det berre er skilta med grense elv-sjø kan òg få enkelte til å tru at det er ingen reglar utanfor dette skiltet.

Det er tre soner utanfor Oselvo å forholda seg til.

1 er totalfreda heile året, 2 og 3 har sine, ulike reglar. (Kommunekart/Midtsiden)
1 er totalfreda heile året, 2 og 3 har sine, ulike reglar. (Kommunekart/Midtsiden)

1. Forbodssone: Alt fiske forbode, uansett reiskap, heile året.

2. 100-metersone: Utanfor vassdrag med laks og sjøaure er det ei 100-metersone som strekk seg frå grense «elv-sjø» og 100 meter ut i sjø. I denne sona er alt fiske forbode, men det er opna for fiske etter laks eller sjøaure når det er opna for fiske etter den aktuelle arten i vassdraget innanfor sona. Altso, skal du fiske etter til dømes sjøaure i 100-metersona, kan du berre fiske etter sjøaure når det er ope for sjøaurefiske i det aktuelle vassdraget. Kvotereglar i vassdraget gjeld òg i 100-metersona. Dette er ein nasjonal regel som gjeld utanfor alle vassdrag med årssikker vassføring der det er anadrom laksefisk.

3. Munningsfredingssonene: Munningsfredingssonene utanfor 100-metersona er ei fredingssone som er oppretta for å gi laksefisk eit naudsynt vern, til dømes ved høgt lusetrykk i fjorden, eller når laksefisk står i brakkvassona i påvente av nok vassføring i elva til å vandre opp.

I munningsfredingssona er alt fiske etter anadrom laksefisk og saltvassfisk forbode, men det er opna for unntak.

  • Du kan fiske etter laks og sjøaure med stong og handsnøre frå land, is og båt når det er ope for fiske i vassdraget innanfor munningsfredingssona. Fisketida i sjø følgjer fisketida til den aktuelle arten du fiskar etter. Er det fleire vassdrag i munningsfredingssona følgjer fisketida i sjø det strengast regulerte vassdraget. Til dømes: er det stengt for sjøaure i eit vassdrag kan du ikkje fiske etter sjøaure, eller er fisketida kortare i det eine vassdraget er det den du skal følgje. 
  • Du kan fiske etter saltvassfisk med stong og handsnøre frå land, is og båt i ro, heile året i munningsfredingssona. 
  • Du kan dorge (ha båten i rørsle når du fiskar) i perioden vassdraget er ope for fiske. Fiske etter laks og sjøaure følgjer fisketida til den aktuelle arten i vassdraget. I munningsfredingssoner som omfattar fleire vassdrag følgjer fisketida det strengast regulerte vassdraget.
  • Yrkesfiskarar kan fiske etter saltvassfisk med not, snurrevad og trål, når reiskapen vert brukt av fiskarar som er oppførte i fiskarmanntalet og har registrerte fartøy, men aldri nærare grensa mellom elv og sjø (elvemunning) enn 500 meter. Det er ikkje ope for dette i munningsfredingssonene utanfor Daleelva i Vaksdal kommune og Vossovassdraget i Voss herad.
  • Du kan fiske med garn, ruse, line og teine etter saltvassfisk, når heile fangstdelen til ei kvar tid står minst 5 meter under havoverflata. Nedsenkingspåbodet gjeld heile året og for alle maskestorleikar. Det er eigne reglar for garnfiske utanfor Daleelva, Vossovassdraget og Bolstadstraumen.

Les heile det nye regelverket på statsforvalteren.no

Fleire ressursar:

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.