VM i Moskva: 8. plass og ny pers!
– Det meste klaffa, seier pappa og sjukmeldt trenar Jarle Pedersen om sonens kanongode resultat i allround-VM.
Mykje skulle gått gale for at ikkje Sverre Lunde Pedersen skulle kvalifisert seg til dagens 10.000 meter i allround-VM.
Sverre, som framleis er junior, fekk ein god start i allround-VM (senior), med 11. plass på 500 meter og 7. plass på 5000 meter laurdag låg han på 9. plass samanlagt før dagens 1500 meter.
Og Sverre hadde ingen problem med å hamna blant dei 12 beste samanlagt før 10.000-meteren, han tok nemleg 5. plass på 1500-meteren med tida 1.47.45, 0,63 bak vinnaren, Håvard Bøkko.
Betre og betre på 10.000 meter
10.000 meter, som er ein seniordistanse, gjekk også bra for Sverre. Her betra han persen sin med 25 sekund og landa på 7. plass med tida 13.43,01.
Dermed blei det ein fantastisk 8. plass samanlagt i senior-VM på den regjerande juniorverdsmeisteren frå Os!
– Sverre seier han synes det går betre og betre å gå 10.000 meteren. Han har ikkje gått mange av desse, og han har aldri gått 10.000 meter under gode forhold, seier landslagstrenar Jarle Pedersen.
Gav tips per telefon
Pappa og trenar Jarle Pedersen måtte bokstavleg talt følgja VM med eitt auge. Han er nemleg sjukmeldt grunna skade i auga og sat heime i Os og følgte VM.
Trykkforskjell i fly gjorde at han ikkje kunne ta turen for å følgja landslaget og sonen.
– Men du hadde kontakt med Sverre og resten av gjengen?
– Ja, eg snakka med alle på telefon.
– Og kva tips fekk Sverre?
– He, he! Det gjekk i kva rundetid han burde halda på 10.000-meteren, og nokre tekniske detaljar. Det meste klaffa, stadfestar Jarle, som reknar med å vera tilbake på isen under verdscupavslutninga i Berlin 9. til 11. mars.
Klar for restitusjon
Frå VM i Moskva går turen for Sverre vidare til Inzell for førebuing til junior i japanske Obihiro om to veker.
– I morgon blir det å sykla lett, tysdag er det ei roleg økt på isen, seier Pedersen, som også må følgja junior-VM frå sofaen.
– Kan dagens 10.000 meter få følgjer for junior-VM?
– Ikkje negativt. Sverre gjekk seg ned i rundetid, noko som er eit teikn på at han ikkje måtte heilt i kjellaren for å hamna på 7. plass. Han har nok godt med tid på seg til restitusjon.
Tre viktige løp igjen
Etter nokre dagar med trening i Inzell går turen fredag til Japan og førebuing til junior-VM, som blir arrangert 2. til 4. mars.
Der skal Sverre gå firkamp og lagtempo.
Så ventar verdscupavslutning i Berlin (9. - 11.3), der han skal gå 1500- og 5000 meter, og VM i enkeltdistansar (22. - 25.3) i Heerenveen, der Sverre skal gå 1500, 5000 og lagtempo.