Imponerande start i VM
Moskva: Sverre ligg på 9. plass etter dei to første distansane.
Det norske skøytelandslaget er i helga i Moskva for å gå allround-VM (senior), og 19-åringen Sverre Lunde Pedersen held fram suksessen frå tidlegare i sesongen.
Den regjerande juniorverdsmeisteren frå Os hamna på 11. plass på 500 meter (37.02) og på 7. plass på 5000 meter (6.26,04).
I allround-VM i Calgary i fjor hamna han på 15. og 12. plass på dei to distansane.
Sverre ligg med dette på 9. plass samanlagt før 1500- og 10.000-meteren.
Bøkko var einaste norske som var betre på dei to distansane, han hamna på 5. plass på begge.
Med ein god 1500 meter søndag blir Sverre blant dei 12 beste, og får gå 10.000-meteren seinare same dag.
1500-meteren ser du på NRK2 frå klokka 11.50 søndag, 10.000 meter blir vist direkte frå klokka 15.05 på same kanal og på NRK1 frå klokka 15.30.