Sport | 14. feb. 2011

Tre rekordløp i VM

Sverre Lunde Pedersen sette tre nye personlege rekordar og var to tidelar frå plass på 10.000-meteren.

Tre rekordløp i VM
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 14. feb. 2011 23:01

Sverre Lunde Pedersen gjorde det godt i allround-VM for seniorar i Calgary i helga.

Laurdag slo han først sin eigne personlege rekord på 500 meter med nesten halvtanna sekund, frå 37,17 til 36,56. Det var godt nok til 15. plass på distansen.

Same dag slo han rekorden sin på 5000 meter, den gamle rekorden var på 6.29, 65, den nye er på 6.22,83, noko som gav 12. plass på distansen.

- Det er naturleg at det blir nye rekordar på denne isen, som er ein del raskare enn det vi har å gå på i Europa, seier Sverre til Midtsiden.no.

I fjor sette han ny rekord på 1500-meteren på den same isen. I går slo han rekorden på 1.47,53 med tida 1.45,48.

- Eg er nøgd med alle løpa mine, men 1500-meteren gjekk noko raskare enn venta, så den heng nok høgast.

Trass i tre gode løp er han litt skuffa for at han ikkje klarte å kvalifisera seg til å gå 10.000-meteren. Han var nemleg berre 17 hundredelar frå å hamna blant dei 12 beste, som får gå lengste distanse.

- Hadde eg fått gå så kunne eg nok betra rekorden min med halvtanna minutt, trur han.

- Samstundes var det kanskje like greit, med tanke på junior-VM om knappe to veker, seier Sverre, som i kveld reiser heim til Noreg for å lada opp til årets høgdepunkt.

Dette er nest siste sjanse til å bli juniorverdsmeister. I fjor blei det sølv.

VM går i Finland og startar 25. februar. Sverre reiser austover tysdag om ei veke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.