Lokal | 14. juni 2016

Vil laga ny sentrumsforening

Os kommune og styret i Os sentrum er einige om å laga ei ny felles sentrumsforening for kommunen, grunneigarar og næringsdrivande for å skapa meir aktivitet på Osøyro.

Vil laga ny sentrumsforening
Liv, som dette under Vårsleppet i mai, er håpet at ein ny organisering skal bidra til meir av (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretysdag 14. juni 2016 11:37

Etter at Geir Amundsen sa seg opp frå stillinga som leiar av Os sentrum, som har organisert vel 20 av dei handelsverksemdene på Osøyro, tok styret i foreninga kontakt med kommunen for å drøfta ei reorganisering av foreninga.

I eit møte på Oseana 8. juni drøfta kommunen ved ordførar Terje Søviknes, varaordførar Marie Bruarøy og nytilsett næringssjef Daniel Skotheim, som var på ein snarvisitt før han tar til i august, ei mogleg ny organisering med styret i Os sentrum.

– Det er avgjerande for aktiviteten i sentrum at vi får til ein velfungerande medlemsorganisasjon beståande av handelsstanden, service- og tenesteytande verksemder, grunneigarar og kommunen.

– Vi ser for oss at den nye organisasjonen får ansvaret for å køyre eit årleg aktivitetsprogram, samt å tenkje strategisk for å kompelettere det tilbodet som er på Osøyro i dag av handel- og service, fortel Søviknes.

Historisk dugnad

Samarbeidet er historisk, då det er første gong ein går så breitt ut.

– Det er første gang vi freister å samle alle i ein organisasjon. Det er på mange måter ein dugnad mellom handelstanden, grunneigarane og kommunen.

– Den nye organisasjonen vil ha eit styre, kor vi frå kommunen si side ser for oss at næringssjef Daniel Skotheim går inn som styreleiar. Dette fekk tilslutning i møtet med Os sentrum, fortel Søviknes.

I tillegg til nytt styret vil ein tilsetta ein ny dagleg leiar som får ansvaret for å køyre aktivitetsprogrammet, og å stå for det praktiske arbeidet med medlemsverving i oppstartsfasen.

Nytt namn, ny pris

Kva den nye foreninga skal heite er ikkje klart, men i notatet partane er einige om er ein samde om at også namnet bør endrast for å synleggjera revitaliseringa. Namn som Liv på Øyro, Osøyro og Fjordbyen Os er aktuelle namn.

Ein legg òg opp til ei endring av medlemsavgifta i foreninga. I Os sentrum har medlemmane betalt ei omsetningsbasert avgift. Den nye foreninga vil i starten ha ein flat pris.

– Partane er samde om at 12 000 kroner per år er eit rimeleg nivå på kontingenten, fortel Søviknes.

Ei grov registrering syner at det er omlag 100 aktørar som driv publikumsretta verksemd i sentrum i dag. I tillegg er det omlag 30 grunneigarar. Ein kontingent på 12 000 kroner i året vil utgjera vel 1,5 millionar kroner i inntekter. I tillegg vil Os kommune gjennom Liv på Øyro-prosjektet truleg også kunne gå inn med eit årleg tilskot til aktiviteter og arrangement på Øyro.

Vil løyve 500 000 til oppstart

For å komma i gang med opprettinga av den nye organisasjonen foreslår ordføraren for formannskapet i neste veke å løyve 500 000 kroner frå Liv på Øyro prosjektet som eit oppstartstilskot.

I saka legg ein opp til at eit nytt interimstyre skal vera på plass i august/september og at den nye organisasjonen skal vera operativ i 4. kvartal 2016.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.