Amundsen gir seg
Geir Amundsen, leiar i Os Sentrum, har sagt opp stillinga av omsyn til eiga helse.
Geir Amundsen har informert styret i Os Sentrumsforening at han seier opp stillinga som leiar av Os Sentrum.
– Eg har bestemt meg for å trekka meg frå stillinga som sentrumsleiar og byrja å ta meir omsyn til mi eiga helse. Eg føler det er det beste for Os, for sentrum, for foreninga og ikkje minst for meg sjølv. No skal eg få tid til å vera pensjonist, vera meir på hytta og fiska og kosa meg, seier Amundsen.
– Os er ikkje død
Amundsen vil ikkje trekke seg utan å kommentera oppslaga i BT 12. april om at butikkdøden herjar i Os sentrum.
– Os er ikkje død og kjem heller ikkje til å døy i den nærmaste framtid. Berre kom og sjå!
– Dei som kjenner meg, har møtt meg, eller lest om meg i media, veit at det som BT skriv om Os ikkje er det eg står for. Det er ting i reportasjen som kom ut på ein måte det ikkje burde. Det beklagar eg på det sterkaste. Det var ikkje ment slik det kom ut i avisa. Dette har opprørt meg og mange med meg.
– Reportasjen står ikkje for et eg meiner, har sagt eller står for, seier Amundsen.
– Dei som har møtt meg og kjenner meg veit at eg brenn for Os. Eg har stått på i mange år trass sviktande helse. Eg har løpt opp og ned trapper og styrt rundt i sentrum for å skapa marknadar og aktivitetar saman med medlemmane i Os Sentrum.
– Eg har jobba for at Os skal vera ein kjekk plass å vera, med gode butikkar å handel i og kjekke aktiviteter i sentrum, poengterer Amundsen.
Skapte støy
Amundsen legg ikkje skjul på at oppslaget i BT har skapt støy.
– Det er fryktelig synd, for det skjer så mykje spennande i Os i nær framtid. Gatene blir pussa opp, vi får tak over fortaua og nytt torg med fontener og torgbygg.
– I tillegg er sentrumsforeninga i ein endringsprosess i måten den er organisert på. Ein prosess som er veldig spennande. Eg håper at Os no kan får ro til å gjennomføre desse prosessane og alle dei endringane som er i ferd med å skje på ein god måte.
Takkar for innsatsen
Styret og nyvald styreleiar i Os sentrum, Tore Andre Sagstad, tek oppseiinga til Amundsen til etteretning. Sagstad fortel at dei i forkant av artikkelen i BT og Amundsen si oppseiing har hatt dialog med kommunen for saman å jobbe for ei omorganisering og ein ny modell som skal skape meir samarbeid mellom kommunen, gårdeigarar, butikker og medlemmer i foreninga.
Partane er i dialog for å avklara tidspunktet for når Amundsen sluttar.
– Vi i styret takkar Geir for den innsatsen han har lagt ned for sentrumsforeninga gjennom mange år og ønskje han ei god og fin tid som pensjonist, seier Sagstad.
– Styret er veldig positive til den prosessen kommunen har sett i gang i sentrum og vi ser framover med positive haldingar til dei byggeria som er igangsatt og som kjem i fortsetjinga.
– Os sentrum går ei lys tid i møte og er nærare enn nokon gang ei flott «ansiktsløfting», avsluttar Sagstad.