Vegvesenet avviser kritikken
Stenginga i Hegglandsdalen: – Kommunen må sjølv ta ansvar for å halde seg oppdatert, meiner vegvesenet.
I et brev til Statens vegvesen i byrjinga av januar krevde brannsjef, og beredskapsansvarleg i Os kommune, Stein Gjøsund svar på kven som tok avgjersla om ikkje å rydda vegen umiddelbart, og om kvifor ikkje kommunen fekk melding om vegstenginga.
Følgde rutinene
No har kommunen fått svar frå vegvesenet, kor dei avvisar kritikken frå Gjøsund og meiner at kommunen sjølv har eit ansvar for å halde seg oppdatert.
– Avgjerda om å halda stengd ligg til vegvesenet. Vegvesenet har byggherrevakt kontinuerleg gjennom heile året. Denne vakta er i slike tilfelle i tett kontakt med driftsentreprenør på staden.
– Byggherrevakta støttar seg på rapportane frå felten i vurderingane kring ei eventuell stenging. I desse vurderingane kjem tryggleiken først, skriv Ole Endal Svåsand på vegne av vegvesenet.
Eige ansvar
I svaret fortel han vidare at vegvesenet har beredskapsplaner og prosedyrar for stenging av veg,
– I dette tilfellet hadde ein omkøyringsveg, og då er det ikkje vanleg at me informerer kommunen direkte, men me varslar nødetatane dvs. politi, brannvesen og AMK.
– I slike situasjonar må kommunen sjølv ta ansvar for å halda seg oppdatert, konkluderer Svåsand i brevet.