Samferdsle | 08. juni 2024
Vegen blir stengt seks timar per dag
Måndag 17. juni blir første av tolv dagar med redusert «opningstid».


Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 08. juni 2024 09:09
Ole Bulls veg over Søvikåsen skal stengast nokre timar på dagtid i veke 25, 26 og 27, opplyser Per Atle Arefjord frå samferdsleavdelinga i kommunen.
Årsaka til stenginga er sprengingsarbeid på prosjektet fv 5156 Åsen – Helleskaret.
– Heile vegen blir stengt frå klokka 10 til 16 måndag til torsdag desse vekene, opplyse kommunen på sine heimesider.
Drangsvegen og Søvikvegen blir stengt i kortare periodar dei same dagane.
Ole Bulls veg skal, som kjent, blir permanent stengt for biltrafikk når Åsen-Helleskaret er ferdig, altså frå sommaren 2025. Den blir open for syklande og gåande.