Sport | 18. mai 2016

Vann forsøksheatet

Ariel Braathen feira 17. mai med å vinna heatet sitt på 100 meter bryst under EM i svømming i London. Tida 1.09.89 heldt diverre ikkje til å ta seg til semifinale.

Vann forsøksheatet
Ariel Braathen svømmer denne veka EM for seniorar i London (arkivfoto: Wim Hetland)
Andris Hamreonsdag 18. mai 2016 10:59

Svømmetalentet frå Os er for tida i London der ho svømmer i olympiastadion frå OL 2012. Ariel er ei av fem norske kvinner som er teke ut til EM og som kan kvalifisera seg til OL i Rio i det gamle olympiabassenget.

På sjølveste 17. mai sto ho på startpallen i forsøket på 100 meter bryst, eit forsøksheat ho vann med tida 1.09.89.

– Det er 6 hundredel bak min eigen personlege rekord og den norske juniorrekorden, skriv ho på si eiga heimeside.

Sjølv om ho klatra frå 35 til 24 plass på rankinga i EM, held det ikkje til å få vera med i semifinalane, kor berre dei 16 beste tidene blei kvalifisert.

Til finalen i mix-medley

I tillegg til den individuelle distansa svømte Ariel på det norske mix-laget på 4x100 meter medley. Ariel svømde der andre etappa på lag med Markus Lie, Sindri Thor Jakobsson og Susann Bjørnsen.

Firkløveret frå Noreg tok seg til finalen med tida 3.57.03, men blei litt for ivrige på dei to siste etappane i finalen og blei diskvalifisert for tjuvstart.

Har att 200 og 50 meter

I dag, onsdag, har Ariel fri frå konkurranser før ho i morgon svømmer i det andre heatet i forsøket på 200 meter bryst. Øvelsen startar klokka 10 og blir sendt på Eurosport.

Om ho tek seg til ei av dei to semifinalane så går desse i morgon ettermiddag, med finale fredag.

50 meter bryst går på laurdag, der Ariel igjen stiller i det andre heatet. Semifinalane går laurdag kveld, med finale på søndag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.