Lokal | 27. jan. 2016

Utvider planområde for å sikra g/s-veg

Ny nærbutikk på Halhjem aukar trafikken og krev oppgradering av Halhjemsvegen.

Utvider planområde for å sikra g/s-veg
Bjørn-Atle Drange frå ABO presenterte reguleringsplanen for politikarane i Plan- og bygningsutvalet (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 27. jan. 2016 13:32

Bildeserie:

Ny kryssløysing vil gjera det meir trafikksikkert. No utvidast òg planområdet ned til rundkøyringa på Halhjem (ill: Os kommune)
Ny kryssløysing vil gjera det meir trafikksikkert. No utvidast òg planområdet ned til rundkøyringa på Halhjem (ill: Os kommune)
1 av 1

I plan- og bygningsutvalsmøtet tysdag fekk utvalet ei orientering om reguleringsplanen for ny nærbutikk og leilegheitskompleks i Marivegen på Halhjem frå Bjørn-Atle Drange hos ABO Plan & Arkitektur på vegne av tiltakshavarane Oshus AS.

Fekk nye dokument rett i bordet

Saka blei i sist møte utsatt fordi både Espen Aspenes (Frp) og Ove Frotvedt (Frp) var ugilde i saken. Til tysdagens møte hadde Frp fått orden i rekkene og innkalla vararepresentantar slik at saka kunne handsamast, men ikkje alle var like nøgd med saksførebuingane.

– Eg sluttar ikkje å forundra meg over at vi får sakspapir på bordet rett i møtet når vi skal i gang med ein sak, sak Trine Lindborg (AP) med referanse til eit dokument frå Statens Vegvesen som blei lagt fram.

I førre møte blei ein rapport frå vegvesenet lagt fram på same måte. Denne gongen var det eit notat med avklaringar i høve vegvesenet sin rapport som blei lagt i bordet.

– Før forrige møte blei vi gjort merksamme på at vegvesenet ikkje hadde kome med sine merknader. Vi sa då at om dei hadde vesentlege merknader ville vi trekke saka. I etterkant av det møtet har det vore kommunikasjon mellom tiltakshavar og vegvesenet. 90% av det som var uklart har no falt på plass, dei siste brikkene kom i går og det har heile tida gått rett veg. Det er grunnen til at de får saka i dag, forklarte plansjef Aina Tjosås før ho slepte Drange til med orienteringa.

Tek med seg Halhjemsvegen

Eit av tema som har vore diskutert mellom vegvesenet og tiltakshavarane er trafikktryggleiken for gåande og syklande i området som følgje av den forventa trafikkauka ein trur kjem med ny butikk og bustader i Marivegen.

– Der er vi blitt einige om å utvida planområdet heilt ned til rundkøyringa på Halhjem slik at det blir lagt til grunn for ein trygg gang- og sykkelveg heile vegen.

– Dette er ein av hovudsykkelvegane gjennom kommunen. Vi er innstilte på at vi skal løysa det i krysset mellom Marivegen og Halhjemsvegen, men vi kan ikkje ta kostnaden med heile strekket ned til rundkøyringa. Det har vegvesenet vore einige i, forklarte Drange.

Aukar trafikktryggleiken

Utvidinga av planområdet er førebels ikkje varsla til andre enn vegvesenet. Det som allereie er varsla er sjølve kryssløysinga ved Marivegen.

– Med den kanaliseringa av kryss og gangvegsystem som vi no har lagt inn så vil det auka trafikktryggleiken. Både inn mot Marivegen, men òg til Halhjem kafé som får eit avkøyringsfelt i tråd med krava frå vegvesenet.

Innebygd lasterampe og eige leikeområde

Drange forklarte at planen legg opp til 1600 kvadratmeter næring og 19 leilegheiter fordelt på to høgder.

– Leilegheitene får uteopphaldsareal på taket til butikken i ulike sonar, i tillegg til eigne balkongar. På motsatt side av Marivegen blir det òg opparbeid eit område for leik og opphald, skjerma frå Halhjemsvegen av det nye bygget.

– Parkeringa til leilegheitene blir i underetasjen, kor det òg blir lasteområdet for varelevering. Dette går normalt føre seg utanfor opningstidene og blir med denne løysinga skjerma slik at bebuarar og naboar i minst mogleg grad blir uroa, forklarte Drange.

– Men kvifor ligg det på nedsida av butikken og ikkje oppe ved avkøyringa. No må dei tildels store lastebilane køyra over heile parkeringsplassen framfor butikken for å levera varene, undra Harald Døsen (Ap).

– Det har si naturlege forklaring i høgdeforskjellen. Området fell ganske mange meter frå innkøyring og ned mot Halhjem. Med å gjera det slik klarar vi å få til den overbygde løysinga for vareleveringa, svara Drange.

Nytt spørsmål om habilitet

Sjølv om ein skulle tru ein var ferdig med å diskutera habilitet blant utvalet sine medlemmar sidan Aspenes og Frotvedt allereie var kjend inhabile, så kom det også denne gongen opp på nytt, då Drange forklarte at ein i tråd med tilråingane frå jordbrukskontoret vil ta vare på matjorda i området og flytta det på det som no er udyrkbar mark hos naboen.

– Den matjorda som skal flyttast, kven er det som eig jordet den skal flyttast til undra, Kristin Søfteland-Larsson (H).

Etter litt att og fram fann ein ut at eigaren var Bernt Erik Haugland.

– Det er onkelen til mor mi. Då ønskjer eg for sikkerheits skuld å få habiliteten min vurdert, konkluderte Søfteland-Larsson.

Ei rask drøfting i utvalet konkluderte med at det slekstforholdet ikkje var omfatta av habilitetsreglane og at ho kunne vera med å behandla saka.

Ville avventa ny arealplan

Harald Døsen avslutta diskusjonen med å gå mot å legga planen ut på offentleg ettersyn.

– Vi seier nei til å legga den ut på grunnlag av plassering av butikken der. Vi er ueinige i at det er den beste plasseringa og trur ei plassering nærare Halhjemsmarka vil vera betre.

– I tillegg tykkjer eg sjølv at det å ta dyrka jord er det beste, sjølv om det er kome forslag om å erstatta denne.

– Det siste argumentet er at vi kan avventa den nye arealplanen som må ta opp i seg den problematikken vi her diskuterar, argumenterte Døsen, som fekk støtte frå dei tre andre i opposisjonen, men ikkje frå fleirtalet Frp og Høgre.

Planen blir difor lagt ut til offentleg ettersyn.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.