Skepsis til butikk på Halhjem
Både fylkesmannen og fylkeskommunen er skeptiske til butikk i Marivegen på Halhjem. PBU utsatte saka grunna inhabilitet.
På siste møte i Plan- og bygningsutvalet skulle politikarane ta stilling til om reguleringsplanen for ny nærbutikk og bustadkompleks i Marivegen skulle leggast ut til offentleg ettersyn før kommunen sin 2. gongs handsaming.
Espen Aspenes (Frp) meldte seg allereie ved starten av handsaminga inhabil, då han har eigerinteresser i Oshus AS som er tiltakshavar.
Både fylkesmannen i Hordaland og Hordaland Fylkeskommune har i sine uttale til planen uttrykt skepsis til planen då den ikkje er i tråd med den overordna arealplanen.
Mangla frå vegvesenet
I sakspapirene politikarane skulle handsama mangla uttalen frå Statens Vegvesen.
– Eg blir overraska når vi får oversendt papirene og manglar dei frå vegvesenet, for så å finna dei i Os og Fusaposten. Då er ikkje sakspapira som dei skal. Det sto vel at om dei ikkje låg føre til møtet, så skulle saka trekkast, innleia Trine Lindborg (Ap).
Uttalen frå vegvesenet var komme til kommunen, men hadde ikkje blitt sendt vidare til politikarane.
– Planfremstiller gløymde å senda til vegvesenet. Dette blei retta i ettertid. Slik vi tolkar uttalen frå vegvesenet er det komme vesentlege innspel, men ikkje noko som er grunn til å trekka saka. Det er berre komme ei rekkje pålegg som må innarbeidast før andre gongshandsaminga, svara Aina Tjosås, plan- og utviklingssjef i Os kommune.
Foreslo utsetting
Harald Døsen (Ap) innsåg at ein måtte realitetshandsama saka.
– Vi stemde imot då saka var oppe i kommunestyret og støtter oss til det no òg. I tillegg støtter vi oss til dei uttala som har komme frå overordna mynde. Alt dette talar mot å legge butikk og bustader på på den tomta der.
– Dette er ikkje ein nærbutikk, men ein butikk i utkanten av bustadområdet. Ein kan rett nok minske trafikken inn til Os, men det er eit for lite omland til at folk vil gå eller sykla til butikken, kommenterte Døsen.
Terje Sperrevik (TvS) peika på at skule og butikk er viktige element for å bygga eit nærmiljø.
– Vi burde sagt nei om vi var skeptiske i utgangspunktet, men eg kunne tenkje meg å utsetta heile saka med bakgrunn i at vi først fekk brevet frå Statens Vegvesen no i møtet, kommenterte Sperrevik, som òg kunne ønskt seg at tiltakshavar hadde vore inne i utvalet i samband med førstegongs handsaminga.
Etter litt fram og tilbake, og eit gruppemøte, kom posisjonen med Frp/H tilbake og var med på å utsetta saka.
– Før vi går vidare i diskusjonen må vi avgjera habiliteten til Ove Frotveit. Han har nemleg vore konsulent for ein av naboane og gjort ein jobb for dei og har signert merknaden frå naboen. Då er det vel sånn at han er inhabil, konkluderte Gustav Bahus (Frp).
– Det burde ha vore sagt tidlegare i møtet, kommenterte Terje Sperrevik.
– Han kom ikkje på det, svara Bahus før saka blei utsett.