– Utsett saka!
Rådmann Knut Terje Rekve gjekk det det uvanlege skrittet å be kommunestyret ikkje handsama saka då spørsmålet om kommunal pensjon kom opp tysdag.
På sakskartet til kommunestyret tysdag sto spørsmålet om korleis kommunen skulle innretta seg i høve til pensjon for dei tilsette i kommunen. Skulle dei velgja ei forsikra løysing gjennom ein tilbydar eller skulle dei oppretta ei eiga pensjonskasse.
– Eg ber de utsettja saka til hausten. Her bør vi kanskje skunda oss langsomt, sa rådmann Knut Terje Rekve.
Les òg:
– Ta dykk betre tid!
Det vanskelege pensjonsvalet
"Gamle" tal
Rådmannen gjekk på talarstolen for å grunngje ønskje om utsetjing ytterlegare.
– Etter at saka blei fremja har også DNB kasta korta, slik at det no er ein monopolsituasjon i høve forsikra løysing med berre KLP som tilbydar.
– Vi har òg fått tilbakemeldingar frå forvaltarar vi er i kontakt med at vi bør skynda oss litt langsomt fordi myndigheitene er i ferd med å sjå på regelverket.
– I tillegg fortel finansforvaltarane våre i Grieg at analysene som blei gjort for 3 til 6 månader sidan allereie er gått ut på dato.
– Det har kome endra forutsetningar i tala med analyser som viser at vi lever lengre enn tidegare. Dette gjer at ein truleg må settja av 7-10 % meir i kapital, forklarte rådmannen.
Eit val til
I tillegg til dei to vala rådmannen har skissert i saka, forsikra løysing eller eige pensjonskasse, lanserte han tysdag ei tredje løysing.
– Vi kan gå inn på ei løysing med felles administrasjon av pensjonskassa med andre kommunar, men med separat forvaltning av midla.
– Gjer vi det, har eg fått signal på at det ikkje berre er to aktørar som kan vera aktuelle lenger, men ein sju, åtte stykkjer.
– Eg opplever at saka er mykje meir uklar no, enn berre for to veker siden, så eg ber de utsetja saka til hausten, forklarte Knut Terje Rekve som fekk kommunestyret si tilslutning.