– Ta dykk betre tid!
Pensjonsekspert ber politikarane i Os kommune ta seg betre tid til å vurdera eigen pensjonskasse.
Kommunestyret skal tysdag ta stilling til det vanskelege valet om ein skal oppretta eigen kommunal pensjonskasse eller gå for ein løysing med ei forsikra ordning hjå eit forsikringsselskap.
Sigurd P. Laugen sat i kommunestyret i førre periode og har i ei årrekkje arbeidd med forsikring og offentleg pensjon. Han arbeider no i Storebrand på Lysaker i Oslo, selskapet kommunen er på veg ut av og som ikkje lenger tilbyr forsikra løysing for offentleg pensjon.
– Eg vil rå kommunen til å setja ned eit utval kor både posisjon, opposisjon og arbeidstakarorganisasjonene er representerte.
– Det som ligg i sakspapira til kommunestyret sitt møte 18. juni er eit godt grunnlag, men har etter mi meining ein del feil og manglar.
– Dei bør difor ta seg betre tid og få hjelp av ein aktuar til å gå gjennom dei naudsynte berekingane. Offentleg pensjonsforsikringar er fullt av matematiske og morsomme teknikaliteter med mange variablar, understrekar Laugen.
Ein god og ein dårleg
Laugen har gått gjennom sakspapira til kommunestyret og dei to utgreiingane levert av Aon og Gabler.
– Det er stor kvalitetsforskjell på desse to rapportane. Den størst er at Gabler baserar sin på konkrete tal og berekningar som tek utgangspunkt i Storebrand sine kontoføringar i perioda 2008 til 2011.
– Dei tek med andre ord utgangspunkt i den gjeldande fasiten. Aon sin rapport er etter mi meining eit enkelt framlegg med generelle betraktningar og mykje synsing.
– Andre kommunar, som Asker, Tromsø og Harstad har nytta seg av Gabler sin rapport når dei har gjort sine val, fortel Laugen.
Billegare i eige kasse?
I saksutgreiinga argumenterar rådmannen med at stordriftsfordelane i ei fellesløysing kan gje lågare administrasjonskostnader enn ved drift av eige kasse.
– Dette er direkte feil fordi pensjonskassar driftast langt rimelegare enn forsikra løysingar i eit forsikringsselskap.
– Ei pensjonskasse med tilstrekkeleg eigenkapital er billegare å drifta enn ei forsikra løysing fordi denne skal kun konsentrera seg om pensjonsforvaltninga. Eit forsikringsselskap har ei rekkje andre interessedrivarar som er med på å trekkje kostnadane opp, meiner Laugen.
– Det er fire typar kostnadar knytt til forsikring. Administrasjon, forvaltning, rentegarantipremie og premie for forsikringsrisiko.
– Kostnadane med dei to første kan nok vera relativt like, men i høve dei to siste kan det vera pengar å spara med ei eiga pensjonskasse om ein gjer dei rette vala, forklarar Laugen.
– Med dette kan ein òg sikre større nærleik til kva som driv kostnadene i pensjonsordninga, i tillegg til at ein bidreg til konkurranse i kommunemarkedet, noko som har vist seg å vera eit gode for kommunane og innbyggarane.
Manglar reaktivering
Laugen peikar på eit moment som i stor grad manglar i saksframstillinga frå rådmannen.
– Det handlar om reaktivering av dei som har blitt uføre.
– Sjølv om ein arbeidstakar blir innvilga uførepensjon er det ikkje gitt at vedkommande ikkje er arbeidsfør.
– Dei arbeidsgjevarane som er gode på rehabilitering og tilrettelegging av arbeidsplassane/-oppgåvene vil kunne oppleva at pensjonsutbetalingane går ned fordi dei aktuelle arbeidstakarane får ein lågare uføregrad og i staden kjem tilbake i arbeidsmarknaden, noko eg vil tru gavnar både arbeidstakaren og arbeidsgjevar.
– Ikkje noko med uføre å gjera
Laugen er heller ikkje einig med rådmannen at pensjonskassa for Os kommune vil vera for liten til å få fornuftig drift.
– Då Fjell kommune etablerte si i 2006 var den på 300 millionar, altså 100 millionar mindre enn Os si.
– Det som står om det negative premieavviket på 120 millionar i Fjell er heller ikkje rett. Det er ei føring knytt til kostnader ved pensjon som følgje av tidlegare lønsoppgjer og ei teknisk avskriving som blei innført under den forrige borgelege regjeringa.
– Det har med andre ord ikkje med auke i antal uføre å gjera.
Berre ein leverandør att
Sidan administrasjonen utarbeidde sakspapira har DnB trekt seg ut av den offentlege pensjonsmarknaden slik at det no berre er KLP (Kommunal Landspensjonskasse) som tilbyr rein forsikra løysning.
– Til KLP må kommunen betala ein inngongsbillett i form av ekstra eigenkapital til selskapet. Eg meiner det vil vera betre å bruka den eigenkapitalen til å etablera eigen pensjonskasse om det visar seg å vera det rette, seier Laugen.
Kva med interkommunal kasse?
Laugen lanserar eit tredje alternativ.
– Kva om Os kommune går saman med andre kommunar med same gode risikoprofil som Os kommune?
- Ein kan òg vurdera å etablera felles administrasjon av fleire kommuner sine pensjonskasser, avslutter Laugen som igjen oppfordrar kommunen til å ta seg betre tid.