Utset mørklegging om kvelden
Justerer klokkeslett for sløkking av lys.
Det er knappe ti dagar sidan kommunen starta sparetiltaket med å sløkka veglys.
Mørklegginga av kommunale vegar er ein konsekvens av budsjettet som blei vedtatt i desember.
Etter innspel frå innbyggarane har kommunen bestemt å justera på tidspunktet for sløkkinga.
Sløkker lyset ein time seinare
Det kom fleire reaksjonar på sosiale medie etter det blei meldt om at lysa skulle sløkkast mellom klokka 20 og 07.30.
– No endrar kommunen tidspunktet til klokka 21, opplyser leiar for samferdsel og VA, Agnete Haugland.
Følgande veglysanlegg i Bjørnafjorden kommune vil vera sløkte mellom klokka 21 og 07.30:
- Midtbøvegen
- Øvre Varåsen
- Solbakken
- Reset
- Nilsavegen
- Skeisheia
- Skjelbreidvegen
- Ådlandsvegen
- Skeisbotnen
- Røttingavegen
- Kvernhusrenen
- Ulvenvegen
- Velumsbrekkene
– Alle desse strekningane har veglysanlegg som er målte, og som vi derfor kan styra. Dei fleste andre veglys er umålte anlegg som vi ikkje kan styre, kor lyset blir tent og sløkt via fotocelle, seier Haugland.