Lokal | 07. sep. 2015

Utselt på under fire timar

Stor interesse for årets «Trygg i Os».

Utselt på under fire timar
Frå Trygg i Os-arrangementet i fjor. (Foto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 07. sep. 2015 13:59

I dag klokka 9 blei billettane til årets «Trygg i Os» lagt ut. I fjor var det fullt hus og billettane blei selt ut på nokre få dagar.

Les òg: – De er ein ressurs

I dag blei alle dei 250 billettane rivne vekk på under fire timar.

– Vi ønskjer å varsla folk så ikkje det blir så mange som tar bomtur til rådhuset, seier sjukepleiar Bjørg Sjøbø.

280 til lunsj

Årsaka til at det berre blir selt 250 billettar i Oseana til dette arrangementet er at alle skal ha lunsj.

– Der er kapasiteten 280, og vi har nokre utstillarar og representantar i kommunen i tillegg til dei 250 som løyser billett, forklarer Sjøbø.

Årets «Trygg i Os» blir arrengert 22. september og har tema fysisk aktivitet og helse i tillegg til kvardags rehabilitering.

Det er fjerde gong Os kommune arrangerer Trygg i Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.