Utselt på UB-messe
Dei 11 ungdomsbedriftene i Os treff godt med produkta sine.
Onsdag presenterte vi dei rekordmange 11 ungdomsbedriftene i Os, av elevar ved Os vidaregåande skule og Os Gymnas.
Torsdag hadde dei messe på Os Gymnas, fredag var messa flytta til Os vgs.
– No kan vi ikkje selja så mykje meir om vi skal rekka å produsera alt før jul, seier Mattias Haugland frå Scalpellum UB.
Medan tidlegare OL-gullvinnar Olaf Tufte har laga eigen undertøy-serie har Mattias, som er ein av Noregs beste yngre roarar, saman med venar satsa på knivproduksjon.
Blada er kjøpt av kvalitetsprodusenten Helle, skafta er handlaga av unge herr Haugland.
– Vi har selt alle dei fire vi fekk klar til messa og har bestilling på åtte til.
Ullsokkar og krabbe
Ullsokk UB og Krabbeklo UB er også utstillarar som fortel om godt sal.
– Vi har selt 6 av dei første 10 para, fortel Ullsokk-selskapet.
Krabbeklo UB har brukt kveldane før og under messa til å smøra skiver med kokt krabbe.
– Vi selte 30 i går og 34 i dag og er veldig nøgd.
Mykje til mobilen
Både Ymse UB, Infinity Phone UB og Petaba har satsa på mobiltelefonutstyr. Alle har selt godt under messa.
– Dei første 20 nødladarane vi fekk inn er selt, så no har vi bestilt 50 nye, fortel jentene hos Infinity.
Ymse har selt 19 nøkkelfinnarar, Petaba har truffe godt med deksel til iPhone.
– Nødladarar og deksel har det gått ein del av. Vi er veldig nøgd med dei smarte løysingane, deksel med lomme til øyrepluggane og med korthaldar på baksida, fortel Petaba UB.
Salet av varer held fram også etter messa. Fleire av bedriftene kjem til å stilla ut ulike stadar i Os, i tillegg er dei fleste å finna på facebook.