Sel isbitar som ikkje smeltar
Handlaga knivar, levande krabbar, eksotisk kaffi og mobilutstyr er blant det du kan kjøpa når rekordmange 11 ungdomsbedrifter i morgon opnar messe i Os.
– Vi har hatt faget i nokre år, men det er først no at det blir ungdomsbedrifter av det, seier lærar Anne-Kristin Dale ved Os Gymnas.
Elevane som går 2. trinn på Os Gymnas og har faget entreprenørskap og bedriftsutvikling har danna åtte ungdomsbedrifter.
Saman med tre ungdomsbedrifter frå salg, service og sikkerhet ved Os vidaregåande skule, ein skule som har lengre erfaring med ungdomsbedrifter, er det 11 nystifta firma som torsdag og fredag inviterer til messe.
Open for alle
– Messa er i hovudsak ein del av undervisinga, ei øving i å planlegga og gjennomføra presentasjon og sal av produkt, men den er open for alle om det er nokon som vil koma og handla, seier lærar ved Os vgs, Tone Hadler-Olsen.
Dei 11 bedriftene stiller ut på Os Gymnas torsdag (frå 10.30-12.15) og på Os vgs fredag (frå 10-13).
– Dei som førebels ikkje har fått inn varene, anten dei skal produsera sjølv eller importera, kjem til å selja kaker eller liknande, slik at alle får trening med det å føra kasse og rekneskap for to dagar med handel.
Import, produksjon og fiske
Fleire av bedriftene har funne praktiske varer dei vil improtera og selja, andre satsar på norske varer og brukte varer, som ullsokkar og brukte mopedar.
Enkelte har til og med kasta seg over produksjon og primærnæring, som handlaga knivar og krabbefiske.
Her er dei 11 ungdomsbedriftene og varene deira:
Ymse UB
Tilsette: Raymond Brade, Jan Tore Sørskog, Martine Færøy og Aurora Forstrønen (Os vgs).
Idé og produkt: Import av keyfinder (om du mister nøklane dine), iPhone-deksel og sal av smoothie.
– På messa vil vi ta imot bestilling på nøkkefinnar og deksel, som førebels ikkje har kome, og selja brownies.
Coffee Shakes UB
Tilsette: Ingvild Lekven Jonsvoll, Sandra Grønnevik, Mats Hetleflåt, Tonje Stølsnes Faanes og Mats Johan Bruland (Os vgs).
Idé og produkt: Import og sal av eksotisk kaffi og te.
– På messa vil vi selja fersk og ferdig varm drikke saman med bakervarer, men seinare skal vi laga eige varemerke på kaffi og te og selja i delikate posar, gjerne som gåveartiklar på stand ulike plassar i Os.
Infinity Phone UB
Tilsette: Henrik Nathan Boge, Lisa Pham, Annbjørg Omre-Larsen, Susanne Vik og Henrik Sebastian Bøkan (Os vgs).
Idé og produkt: Vil importera og selja utstyr til mobiltelefonar, i første omgang ein kompakt, effektiv og billig nødladar til mobil.
– Vi har starta med å importera 20 stykker i ulike fargar. Fleire varer av ulike typar kan koma seinare.
Scalpellum UB
Tilsette: Bjørn Onarheim, Sondre Hellevang, Mattias Haugland, Håvard Haukeland og Philip Moe Haugland (Os Gymnas).
Idé og produkt: Produsera og selja knivar til jakt og fiske, av bestilte knivblad av høg kvalitet og handlaga skaft og slirer.
– To av oss har besteforeldre som er nevenyttige, ein av dei har erfaring frå knivproduksjon. Vi får truleg to knivar klare for vising på messa.
Sima UB
Tilsette: Stine Sandven Færøvik, Silje Martine Årseth, Markus Pettersen og Martin Vahl (Os Gymnas).
Idé og produkt: Sal av mopedar.
– Eg mekkar moped på hobbybasis og har fått med meg dei tre andre til å byrja med sal av brukte mopedar. Tanken var først å også tilby enkle reparasjonar, men til dette treng vi godkjenning som er krevjande å få, fortel Martin.
Då eigenkapitalen frå elevane skal vera på maks 200 kroner per elev vil dei truleg sjå etter ekstern investor, som er i tråd med regelverket for ungdomsbedrifter, for å få kapital til å kjøpa inn varer, altså mopedar.
Duppedings UB
Tilsette: Bjarte Halhjem, Lisa Amundsen, Lotte Haug, Eirin Aga og Tsigereda Tekele (Os Gymnas).
Idé og produkt: Importera og selja nyttig varer som gjer livet enklare. Dei første varene er isterningar (stein, ikkje frose vatn) som ikkje smeltar, og dermed ikkje vatnar ut drikken din, og små flasker som er praktiske å ha parfyme på.
– Vi startar med desse varene, men har plan om å få fleire. Vi vil prøva å finna gode og smarte varer, og samstundes halda oss under konkurrentar som Enklere Liv når det kjem til pris.
Petaba UB
Tilsette: Peter Gabrielsen, Adrian Valle, Baste Træen, Erik Kleppe, Aksel Landa og Torgeir Moe (Os Gymnas).
Idé og produkt: Enkle reparasjonar av iPhone, som skifte av glas framme og bak, og sal av utstyr, som deksel, øyrepluggar og nødladarar.
– Når det kjem til deksel vil vi prioritera frisk og kul design, finna litt spesielle typar deksel.
LED UB
Tilsette: Martin Økland Olsen, Marcus Berentsen, René Skippervik, Gustav Lund Haddal og Lars Eide (Os Gymnas).
Idé og produkt: Importera og selja klokker og høgttalarar med LED-lys.
– Vi har funne varene og er i dialog med eksportør, men må venta med bestilling til vi har fått bedrifta registrert.
Ullsokk UB
Tilsette: Siv Marie Kramer, Anna Andersland Boge, Iselin Sævareid, Sjovat og Ingrid Nordhus.
Idé og produkt: Bli forhandlar for norskproduserte ullsokkar.
– Vi satsar på sokkar av høg kvalitet, men til grei pris. Varene er kome så vi er klare for å selja på messa.
Kaldt UB
Tilsette: Daniel Haug, Thomas Kopperud, Alexander Nordvik og Lars Erik Lunde (Os Gymnas).
Idé og produkt: Importera og selja små kjøleskap som får straumforsyning via USB frå pc eller mac.
– Varene er praktiske og vi har lagt bestillinga, så dei er på veg. I morgon vil vi jobba for å få inn bestillingar.
Krabbeklo UB
Tilsette: Fredrik Hjelmtveit, Lars Lundø, Bernt Rydstrøm, Mikal Reed-Larsen og Sindre Jacob Råheim.
Idé og produkt: Fiska og selja krabbe, levande eller kokt.
– Vi har allereie vore ute og selt, og fekk unna rundt 60 krabbar. På messa kjem vi ikkje til å selja heile krabbar, men koka og laga til brødskiver med krabbe på.