Politi | 09. nov. 2023

Utgav seg for å vera Telenor - ville inn i huset

– Dette kan vera eit tilfelle av ein tidlegare brukt metode for å koma seg inn i huset og stela verdisaker.

Utgav seg for å vera Telenor - ville inn i huset
Atle Birkeland. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnestorsdag 09. nov. 2023 09:26

I går kveld rundt klokka 18 fekk politiet ei urovekkande melding frå ein innbyggar i Hagavik.

Ein mannsperson dukka opp på døra til meldar med påstand om at han representerte Telenor. Han hevda at han trengte å koma inn i huset for å kontrollera internett-tilkoplinga.

Denne personen kom i ein bil, og meldar hadde mistanke om at det kunne vera fleire folk involvert, skjult inne i køyretøyet.

– At det var mørkt i området gjorde det vanskeleg for meldar å gi ei detaljert skildring av bilen, men det er mogleg at den var kvit, fortel politibetjent Atle Birkeland.

Meldar, som var på vakt og skeptisk til mannen, hadde ingen god grunn til å tru at han faktisk kom frå Telenor, og valte derfor å ikkje opne døra.

Etter å ha fått inn meldinga, reagerte politiet ved å senda ut ein patrulje til området for å leita etter både bilen og mannen.

Patruljen fann ikkje spor etter nokre av delane.

– Dette kan vera eit tilfelle av ein tidlegare brukt metode for å koma seg inn i huset og stela verdisaker, noko som ofte rammar eldre menneske, fortel Birkeland.

Politiet ønskjer å minna innbyggjarane på å vera varsame og ikkje sleppa inn ukjente personar i heimen sin.

Dei rådar om at dersom du står ovanfor ein liknande situasjon, bør du ta direkte kontakt med det selskapet som personen hevdar å vere frå, før du gir tilgang til din bustad.

Alle som kan ha sett noko mistenkeleg, eller har informasjon i samband med denne eller liknande saker, blir kan kontakta politiet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.