Lokal | 24. apr. 2016

Falsk vektar insisterte på å koma inn

Huseigar reagerte på framferda til den framande mannen og ringte selskapet han sa han representerte.

Falsk vektar insisterte på å koma inn
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 24. apr. 2016 07:33

I 20-tida laurdag kveld fekk ein familie i Ulvenvegen besøk av ein framand mann.

– Han utgav seg for å vera frå eit namngjeve vektarfirma, men hadde verken uniform eller papir som dokementerte dette, fortel politiførstebetjent Kenneth Rastad.

Politiet har ikkje så gode signalement på personen, men det skal ha vore ein mann i 40-åra.

– Innringar fortel at han var svært pågåande og at dei reagerte på framferda hans. Kva han eigentleg ville inne hos vedkomande ein laurdag kveld er uvisst, men dei slapp han ikkje inn.

Huseigar ringte selskapen han utgav seg å koma frå, og dei hadde ingen ute på salsturné i Os i går.

Politiet er interessert i tips om det er fleire som har hatt liknande besøk i helga.

Seks til avhøyr etter valdsepisode

Klokka 06.40 laurdag morgon fekk politiet melding om ein valdsepisode på ein privatfest.

– Han som blei skadd måtte sy fleire sting i munn og kjeve.

– Vi ser alvorleg på saka og har hatt seks av deltakarane på festen inne på avhøyr. Saka er ikkje ferdig etterforska, fortel Rastad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.