Lokal | 23. apr. 2016

Slåstkamp på nachspiel - hasjfunn på tre ungdomar

Ein mann i 30-åra reiste blodig til legevakt etter slåstkamp på nachspiel i Os, tre ungdomar er meldt for bruk etter funn av hasj i Øyane.

Slåstkamp på nachspiel - hasjfunn på tre ungdomar
Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 23. apr. 2016 07:20

Klokka 02.45 møtte politipatruljen to ungdomar langs vegen i Øyane. Dei blei sjekka ut og det viste seg at begge var rusa på hasj. Så dukka ein tredje gut opp, også han var rusa.

– Det blei i tillegg funne hasj både i bilen og bustaden til den eine. Alle tre er oppunder 20 år og meldt for forholda, fortel Frode Kolltveit, operasjonsleiar i Vest politiditrikt.

Slåstkamp på privat fest

Klokka 6.40 laurdag morgon blei politiet oppringt etter ein episode på eit nachspiel i Os nord.

– Det skal ha vore 7-8 personar i bustaden og nokre av dei byrja å slåst. Fornærma blødde frå eit sår på leppa og tok seg sjølv til legevakta.

– Vi har fått eit par namn på mistenkte og politiet følgjer opp saka i dag, fortel Kolltveit.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.