Utførte strakstiltak
Responsen var rask då brannsjefen ba om justering av farleg mur.
Søndag blei to gutar lettare skadd i ei mopedulykke ved undergangen på Reset, mellom Lunde og Haugland.
I etterkant har Midtsiden fått opplyst at det har gått rykte om at mopedisten både var utan hjelm, og at 7-åringen som var involvert i ulykka sat bakpå mopeden.
Vi fekk ikkje klart svar på dette av politiet dagane etter ulykka, men 7-åringen var etter det vi no har fått opplyst fotgjengar og 16-åringen hadde hjelm. Men han hadde tatt av seg hjelmen for å ringa og varsla om ulykka, noko som truleg gjorde at meldar fortalte politiet at begge var utan hjelm.
Mjuk avrunding av mur
På ulykkesstaden reagerte brannvesenet med fleire på ein mur ved tunnelen, som stikk ut på ein måte som kan skapa større skade ved eventuelle seinare ulykker.
Brannsjef Stein Gjøsund ba om strakstiltak - og det fekk han.
– Teknisk drift i Os kommune tok tak i saka med éin gong og gjorde nødvendige endringar. Dette er eit eksempel på at når ei hending først skjer og det blir avdekka uheldig utforming som kan gjera skadeomfang større, så er det viktig å få gjort tiltak før det eventuelt skjer ei ny ulykke, seier Gjøsund.
– Teknisk drift skal ha honnør og takk for at dei er bevisst sitt «samfunnsoppdrag», sjølv om også dei må gjera prioriteringar. Dei er ein svært viktig aktør i lokalsamfunnet, spesielt når det kjem oppdrag som går på liv og helse og akutt trugande situasjoner, for eksempel ras, flaum eller trafikkrelaterte utfordringar som denne.