Lokal | 10. juni 2013

– Nær møte med muren

Guten som velta med mopeden sin på Lunde i går var truleg nær å slå hovudet sitt i ein murkant. Naboar fortel om fleire ulykker, brannsjefen ber om strakstiltak.

– Nær møte med muren
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 10. juni 2013 10:38

Søndag ettermiddag blei ein 16 år gamal gut frakta til sjukehus i luftambulanse etter ei mopedulykke på Lunde.

Ein 7 år gamal gut blei kjørt til sjukehus i ambulanse.

Les òg: Gutar skadd i mopedulykke

Søndag i 23-tida opplyste Helse Bergen at 16-åringen var lettare skadd, måndag formiddag får vi opplyst at også 7-åringen blei lettare skadd.

Årsaka til ulykka, og om 7-åringen var passasjer på mopeden eller involvert som fotgjengar, er førebels uklart.

– Kunne gått verre

Ved undergangen der ulykka skjedde går ein mur, truleg for å hindra fotgjengarar og syklistar frå gangvegen langs E39 å koma brått ut framfor tunnelen.

Men denne muren har ei avrunding som brannsjefen ikkje er nøgd med.

– Eg kjenner ikkje til årsaka til ulykka, men det var tydelege spor etter fotkvilaren og styret til mopeden, og viss mopedisten har sete på mopeden medan den glei mot muren så har han vore svært nær denne murkanten med hovudet sitt, seier Stein Gjøsund.

Vil ha strakstiltak

I dag vil Gjøsund fortelja teknisk eining i Os kommune om muren, og be om strakstiltak.

– Eg håper dei raskt kan sjå på denne muren, som sikkert må vera der, men som eg meiner bør rundast av på ein annan måte.

– Mykje trafikk og fleire ulykker

Då Midtsiden var på staden og tok bilde av muren måndag morgon kom ein kvinneleg turgåar forbi.

Ho bur nær undergangen og fortel om fleire ulykker på same plass.

– Eg blei sjølv påkjørt av ein syklist då eg gjekk på tur med barnevogn for nokre år sidan. Og eg kjenner til ei kvinne som sykla rett i muren for ikkje så lenge sidan.

– Det er mykje trafikk på vegen, med foreldre som kjører ungar til og frå skule og barnehage. Og med bratt veg på begge sider av undergangen blir dette ofte ein fartsetappe både for syklistar og mopedistar, vaksne og unge.

– Det er fint om muren blir mindre farleg, men eg meiner at fleire tiltak må til, seier naboen til undergangen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.