Sport | 31. aug. 2012

Utfordrar bedrifter opp Liafjellet

Liafjellet Opp 2012: I fjor blei det både løyperekord og deltakarrekord, i år blir det konkurranse mellom alle bedrifter som har tre eller fleire deltakarar.

Utfordrar bedrifter opp Liafjellet
Flest elevar og raskaste tilsette, i år er det konkurranse for både skuleklassar og bedrifter i Liafjellet Opp. (Arkivfoto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 31. aug. 2012 09:41

– Vi har hatt konkurranse mellom skuleklassar i flere år, men der går det i talet på deltakarar per klasse. 5-6 elevar har gjerne vore nok til å vinna, så vi har kanskje ikkje nådd ut til mange nok med denne, seier Tord Skogedal Lindén frå Nore Neset idrettslag.

Under Nore Neset Dagane og Osmessa er det som vanleg motbakkeløp frå hallen (56 moh) og opp til Storevarden (259 moh). Årets Liafjellet Opp blir arrangert laurdag 22. september.

– Nytt i år er at vi opprettar ein samanlagtklasse for bedrifter. Bedrifter som har tre eller fleire deltakarar får dei tre beste tidene slått saman. Den raskaste motbakkebedrifta i Os blir premiert, seier Skogedal.

Ny trasé?

På Nore Neset er det for tida ein del anleggsverksemd med bygging av ny veg inn til ein komande ny ungdomsskule.

– Vegen går frå krysset ved skulen og inn mot myra vi kryssar på veg opp Liafjellet, men førebels ligg den akkurat i grensa til stien.

– Vi får kanskje same trasé som i fjor, med det kan også henda at det endrar seg litt. Det ser vi først om nokre veker.

– Det einaste vi veit blir nytt er at det er grusa sti litt lengre inn mot elva.

Nytt tidtakarsystem

Til no har Nore Neset idrettslag sleppt deltakarane ut puljevis etter klassar. Men i år skal dei låna Varegg, som blant anna arrangerer Stoltzen, sitt tidtakarsystem.

– Det gjer at vi kan ha seedeing og sleppa deltakarar ut i intervall. Seedinga vil skje ut frå deltakaren si eigavurdering, dei med høge ambisjonar og god form kan be om å starta for seg sjølv.

Det blir som før tatt imot påmelding fram til rundt ein time før start, men arrangørane håper at flest mogleg melder seg på i forkant.

– Nytt i år er også påmelding på nett. Før tok vi førehandspåmelding via epost, no har vi eige skjema som vi lenkjar til frå nnil.no, seier Tord Skogedal.

Rekordåret 2011

I fjor blei Jon Tvedt sin løyperekord på 9.45 slått av Asbjørn Berland med eitt sekund.

Den gamle deltakarrekorden blei slått med større margin, 99 deltok i Liafjellet Opp i 2011 mot 72, som var den førre rekorden.

Les meir om Liafjellet Opp 2011.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.