Ut i jula?
Sjølv om jula er familiestund er tilbodet mangfoldig om du er lei pinnekjøt. På utestadane og ungdomshusa er det full fart i romjula.
Etter eit par dagar med julemat og pakkar er det kanskje på tide å komma seg ut igjen. Midtsiden tok ein prat med to av nattklubbane og gir deg her oversikten.
– Julaften har vi stengt, men 1. dag brakar det laus med pianobar og full rulle, fortel Tore Andre Sagstad på Bowling1 og Solsiden før han legg til at det blir covercarge denne eine kvelden.
– 2. dag har vi fått han eg kallar læremeisteren til DJ Dan i Torsdag Kveld frå Nydalen til å snurre plater.
– DJ AB bør vera kjent for dei fleste osingar. Asbjørn Bergstø drar oss gjennom dei siste fire tiåra.
Solsiden har søkt og fått utvida opningstida onsdag og torsdag i romjula slik at dei helt oppe fram til 0330 også desse dagene.
– I tillegg er det full fart på bowlingen og i sportsbaren frå tidleg på ettermiddagen i romjula, seier Sagstad.
Køyrer 18 årsgrense
På Catten i sentrum førebur dei seg òg på ei romjul med trøkk.
– No er vi i ferd med å ferdigstilla det nye ventilasjonsanlegget, så dette blir bra.
– 1. juledag kjem ein kar, Ruben Håkonsen, som er godt kjent frå Opus-tida for å snurre plater.
– Torsdagen 2. dag blir et først romjulsquiz før Dj Freddy Rasmussen spelar opp.
– Den kvelden køyrer vi 18 årsgrense, så då er det berre å koma seg ut, seier Bjarte Andersen på Catten, som inviterar til live-kveld med Jens Aamundseth 28. desember
Fullbooka romjulsblues
Det er ikkje berre på nattklubbane det blir trøkk i jula. På Peppes blir det romjulsblues laurdag 28. med Blue Note Shuffle og gjestar.
– Eg gler meg. Det kjem til å bli ein utruleg artig kveld.
– Interessa har vore heilt overveldande, fortel frontfigur Steinar Lyssand.
Jul i krinsane
Det er ikkje berre i sentrum det blir arrangement i romjula.
1. juledag blir det juledans i ungdomshuset i Søre Øyane kor Kurten og Steinar speler opp.
På Haugland drøyar dei det til torsdag 26. desember. Då blir det julepub med quiz før Johnny Olsen band spelar opp til dans.
I Lysefjorden spelar Verdiløse menn opp på Kafe Ole B laurdag 28. Her skal jula spelast ut og det nye året inn.