Kultur | 18. des. 2013

Romjulsbluesen kan bli større

Peppes har funne løysinga og fått løyvet. – Så sant det ikkje blir storm så får vi plass til 70 fleire, seier Fredrik om den i utgangspunktet utselte konserten.

Romjulsbluesen kan bli større
Mesteparten av uterestauranten til Peppes blir bygd inn for å laga plass til fleire som vil på romjulsblues laurdag 28. desember. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 18. des. 2013 15:37

Romjulskonserten med Blue Note Shuffle blei utselt på ei veke, men no har Peppes Pizza funne plass til fleire.

– Etter å ha høyrd med ulike firma klarte heldigvis Eventtjenester å seia at dei kunne løysa dette med telt og veggar rundt uterestauranten, seier dagleg leiar på Peppes Pizza Os, Fredrik Schult.

– I tillegg har vi fått fire lokale firma med på laget, Maxprint, Magnorvinduet, Vangdal og Skaathun Bilverksted, som har sponsa og kjøpt billettar i utvida areal.

Med mindre det blir kraftig vind kan dermed konserten laurdag 28. desember auka kapasiteten frå 150 til 220 plassar.

– Vi ventar med å legga ut dei siste billettane til 23. desember, då har vi vêrvarselet til helga. For vi fekk ikkje bruka Kaien som reservelokale. Vi hadde dispensasjon av huseigar, men det pågår sak mot førre leigetakar, som blei kasta ut av namsmannen.

Fleire artistar

Torbjørn Kristiansen, Kjell Arne Haringstad og Steinar Lyssand i Blue Note Shuffle blir ikkje dei einaste på scenen.

– Kjetil Osablod Grønvigh og Dag Bergersen kjem, det gjer også Kurt Røttingen, Kim Gulbrandsen og Paul Inge Vikingstad.

– Det blir dessutan nokre overraskingar utover kvelden, lover Fredrik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.