Uniformar blei trekkplaster
Bildeserie frå utdanningsmessa: Elevar og utstillarar fortel om god utveksling av nyttig informasjon.
To dagar med utdanningsmesse i Nore Neset Aktivitetshus er over.
• Fleire besøker utdanningsmessa
52 utstillarar, frå vidaregåande og høgskule til opplysningskontor og bedrifter, har vist elevar frå ungdomsskular og vidaregåande kva dei har å by på.
• Videoreportasje: Utdanningsmessa er i gang
Tengel blei tryggare på valet sitt - Hallgeir skifta retning
– Eg trudde først eg måtte gå vgs elektro, grunna vegen eg ville vidare. Så endra eg meining og vurderte Os Gymnas, og etter messa i dag er eg sikker, seier Tengel Åserød.
Han fekk eit godt inntrykk av både undervisinga og miljøet etter samtalar med elevar på stand, nå vil han ta rettslære ved gymnaset.
– Det blir helse på meg. Eg hadde tenkt å gå TAF i Fusa, men besøkte Os vgs sin helsestand, for eg trur eg vil lika den retninga, det å jobba med folk, seier kameraten Hallgeir Helgesen.
Høg kvalitet på flytande «internat»
Ein av utstillarane på messa, Skoleskipet Gann, skårar godt i kvalitetstest av vidaregåande skular.
«Unikt samhold, god balanse mellom teori og praksis, sosialt miljø, og hardt arbeid» skriv maritime.no.
Nokre vel å ta VG1 om bord, andre tar VG2 eller søkjer om å ta begge dei maritime åra på skuleskipet.
– Eg står jo i grunnen her og rekrutterar konkurrentar til meg sjølv, sidan eg vil søkja VG2 òg, seier Odin Hjelm Sørstrønen.
Han er ein av to elevar frå Os som går på Gann, og som i dag sto på stand for skulen.
– Vi trivst veldig godt. Med 120 elevar som bur i lag, og som har gode fritidstilbod, både om bord og når vi ligg til kai i Stavanger, blir vi godt kjent med ungdom frå heile landet, seier Andreas Ullensvang Hjelle.
– Undervisinga er interessant, vi har vore til Shetland og vi skal til blant anna Lofoten og til England, fortel dei to.
– Respekt!
Fleire jenter samla seg på standen, men var det gutane eller utdanninga som lokka?
– Uniformane, seier Fatima Yari bestemt. – Men pilot-uniformane er stiligare, eg trur eg skal bli pilot, få meg ein uniform og litt respekt, seier ho og ler saman venninnene Christiane Gjertsen og Frida Bjørø.
– Neida, eg veit ikkje kva eg vil og er redd for å velja feil, så eg vil på gymnas.
– Ikkje berre folk frå Øyane som vil fiska
På stand for Austevoll vgs sto Christina Aasen frå Øyane, som bur i Austevoll og underviser ved den vidaregåande skulen.
– Vi har fleire elevar frå Os, ikkje berre frå Øyane, som har vist interesse. Ein del jenter ser ut til å synast at akvakultur er interessant. Men elevane treng ikkje velja retning med éin gong, dei kan for eksempel starta med naturbruk første året, då er fleire dører opne, både innan fiske og oppdrett.
Rekrutterer til Solstrand
Blant utstillarane er òg ein av dei største arbeidsgjevarane i Os, Solstrand Hotel & Bad.
Hotellet har både internasjonal profil og over 20 nasjonalitetar på lønningslista, noko dei er glade for.
– Men hotellet har òg mange osingar blant dei tilsette, både vaksne og ungdomar. Det varierer litt kor mange som søkjer jobb hos oss, kanskje enkelte trur dei må vera faglærde for å jobba på hotell.
– Vi tar inn ufaglærde ungdomar òg, som vil vera ekstrahjelp ved sidan av vidaregåande skule, i tillegg til dei lærlingane vi har drift, fortel Karoline Holmefjord.
– Kjekkast på kjøkkenet
Frå Fusa vgs var det fleire kokke-elevar på plass.
– Eg trivst best på skulekjøkkenet, men det har vore nokre greie dagar her på messa òg, seier Markus Fonn.
Han og medelev Nook Phunkoet, begge frå Os, trivst godt på skulen og fortel om framleis stor interesse for kokkefaget.
Teknologi for fleire bransjar
Ein av utstillarane som òg trekte ungdom til standen sin var Varde Media.
– Vi har blitt invitert til å stilla ut nokre gongar, i år slo vi til, seier Anders Fløysand.
Verksemda har spesialisert seg på timelaps, byggekamera og film og foto frå drone.
– Vi har ikkje lærlingplass å by på, men eg tenkjer det uansett kan vera greit å visa ungdomen kva vi har og kva vi kan. Både drone og video har blitt ein stor industri, det er noko fleire av desse ungdomane på ein eller annan måte vil koma i kontakt med i sin framtidige jobb, anten det er maritimt eller dei skal bli tømrar.