Lokal | 10. nov. 2016

Stadig fleire gjestar utdanningsmessa

Utstillarmengda varierer litt, mens besøkstalet på Bjørnefjorden Utdanningsmesse går jamt oppover.

Stadig fleire gjestar utdanningsmessa
I to dagar har det aula av utstillarar og gjestar i Nore Neset Aktivitetshus. På bildet er 1/4 av messa. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 10. nov. 2016 14:00

Bildeserie:

Bjørn Solheim frå Os Lions. (Foto: KVB)
Bjørn Solheim frå Os Lions. (Foto: KVB)
Messa fyller heile aktivitetshuset. (Foto: KVB)
Messa fyller heile aktivitetshuset. (Foto: KVB)
1 av 2

I skrivande stund er årets utgåve av Bjørnefjorden Utdanningsmesse i ferd med å bli runda av.

– Vi opplever auka interesse frå besøkande lengre vekke frå Os, som Ølen og Voss, seier Bjørn Solheim frå Os Lions.

Messa rettar seg mot elevar på veg til både vidaregåande og høgskule.

Skular, opplæringskontor og lærlingbedrifter

– Det meste vi har hatt er 60 utstillarar, i år har vi 52, som òg er ei grei mengde.

Lions har arrangert messa i fire år på rad og synest både utvalet, mengda og samansettinga av utstillarar er passeleg.

– Mange av utstillarane er med kvart år, andre har gjerne ikkje ressursar til å stilla, så då blir det nokre telefonar til andre potensielle aktørar.

Blant utstillarane finn vi:
19 vidaregåande skular
4 høgskular
1 for utdanning i utlandet
3 offentlege einingar (NAV/kommune)
8 opplæringskontor
19 bedrifter

Olje og oppdrett

Blant olje og gass har Lions merka noko lågare offensiv, i år er første år at Aker Solutions ikkje stiller ut på messa i Nore Neset Aktivitetshus.

– Men Statoil er her, dei er òg ei stor lærlingbedrift.

– Elles ser vi at oppdrettsbransjen stiller sterkt, år etter år, med verksemder som Sjøtroll, Bolaks og Lerøy.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.