Ungdom utan tilbod
– Fleire har det vanskeleg i ferien, seier Nina Ramadani.
– Enkelte er åleine heime medan foreldre og eventuelt yngre søsken er på ferie, andre har ein heim der det ikkje er så lett å vera.
– Mange av desse ungdomane har det vanskeleg og nokre av dei tyr dessverre til rus, seier Nina Ramadani.
Manglar lokale
Nina jobba tidlegare i den kommunale ungdomsklubben i Allaktivitetshuset saman med Sigrid Tvedt. I etterkant har dei to, i privat regi, hatt eit alternativt tilbod til ungdomen i lokale lånt av Os ungdomsskule.
– Men under ombygginga kan vi ikkje bruka lokalet og no for tida har vi ingen stad å vera. Men vi treff ungdomen i Os med ujamne mellomrom, og fleire av dei har det tydelegvis vanskeleg i ferien, seier Sigrid.
Ungdomsklubben til kommunen har dei siste somrane vore stengt – noko den er også i år.
Treng vaksenkontakt – og mat
Sigrid fortel at ho treff full ungdom midt i veka. Ho trur eit tilbod til ungdomen ville gjort at dei ruste seg mindre.
– Dei treng ikkje alltid så mykje meir enn ein samlingsplass, nokon vaksne å snakka med, og kanskje eit varmt måltid.
– Foreldra har gjerne reist vekk og lagt igjen nokre hundrelappar til mat. Pengane blir fort brukt opp og då går dei rett og slett svoltne.
Sigrid og Nina meiner juli månad er den viktigaste tida å organsiera tilbod for ungdom.
– Ei personalutfordring
Det er fleire år sidan sist Os kommune og NAV i Os har organisert Ung Jobb, der dei har samla arbeidsvillig ungdom og annonsert etter oppdrag som plenklipping og husmaling.
– Vi har sjekka opp og nærmaste tilbod er på Nesttun - og dei har kun for ungdom frå Nesttun, seier Nina.
Dei siste åra har kultureininga i Os kommune arrangert actionprega campingturar i MOT-regi, med namnet "Sommar i OS", turar for ungdom som ikkje har anna tilbod i ferien.
Les òg: – Fantastiske turar
– Vi har hatt redusert kapasitet i kultureininga den siste tida, med nytt mannskap og med sjukmelding og permisjon, derfor blei det dessverre ikkje MOT-tur i år, seier kultursjef Lisbeth Axelsen.
– Ung Jobb var det ikkje så veldig oppslutnad om, men vi bør nok få eit breiare tilbod til ungdom og får satsa på å koma sterkare tilbake neste sommar.