Ungane på veg
Hels på Øystein og søskena. Torsdag starta klekkinga av dei ni egga svanemor i Oselvo har lagt og ruga på den siste tida.
Hamnesjefen kan få ein stor flokk på passa på i Oselvo denne våren og sommaren. Kona har den siste tida lagt på reiret litt opp i elva og gjort ein god jobb med å halde egga varme.
Rekordtidelege torsdag 19. mai, fire dagar før i fjor, starta klekkinga av dei ni (!) egga. Så vidt vi kan hugsa er dette det største kullet til svaneparet.
Då Midtsiden var oppom torsdag ettermiddag var fire av ungane kome ut.
Ein av dei, som vi allereie har døpt Øystein, var ikkje særleg lysten på å ligga under mor sin trygge vinge og ville i staden ligga på utsida for å nyta solstrålane denne fine torsdagen.
Framleis venter han på å få selskap av dei andre åtte søskna for å utforske verda i og utanfor Os hamn.
Dette er sjette kullet med ungar Hamnesjefen og kona får i Oselva.
Kommentér gjerne nedanfor kva du tykkjer dei andre ungane skal heite.
Les òg:
– Hei, her er vi!
Årets kull kom tidleg
Svane-klekking ved Oselvo
Her er årets svanekull!