Sport | 24. apr. 2012

Ulvenmarsjen: fasit og vinnarar

Var du blant dei 437 som gjekk Ulvenmarsjen i helga? Her får du svar på kven som har størst sko av Erling Andersen og Einar Vevatne – og kven som får premie.

Ulvenmarsjen: fasit og vinnarar
På ein av postane under Ulvenmarsjen søndag. (Foto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 24. apr. 2012 09:09

I helga arrangerte Søfteland TIL Friidrett Ulvenmarsjen, den 34. i rekkja.

I år var det 437 som gjekk marsjen, 157 om laurdagen og 280 om søndagen. Det er 11 fleire enn i fjor.

SJÅ BILDESERIE FRÅ ULVENMARSJEN

Eldste deltakar var Lotte Lise Scheie (87).

Nokre av deltakarane gjekk konkurransedistansen, som er litt lengre, ved å gå ei sløyfe ut Strønevegen mot Kysthospitalet.

RESULTAT: 15 km kappgang søndag
1. Joakim Sælen, Viking: 1.10.58 (23.00 – 46.41)
2. Arild Fotland, Søfteland: 1.20.45 (25.53 – 52.40)
3. Arvid Bjørsvik, Viking: 1.36.33 (31.27 – 63.19)
4. Arthur Lilldefosse, Viking: 1.43.52 (33.50 – 68.27)
5. Lars Emil Mossefinn, Viking: 1.45.53 (32.52 – 68.27)
Syver A. Morvik, Viking: (braut)

Konkurransedeltakarane tok seg neppe tid til å stoppa opp på postane for å svara på spørsmåla i kunnskapskonkurransen. Med dagens mengde smarttelefonar ville arrangørane finna spørsmål som er vanskelege å finna svar på via internett. Det var også ulike spørsmål laurdag og søndag.

Det var nesten dobbelt så mange som gjekk marsjen søndag som laurdag, likevel var det fem gongar fleire med rett svar laurdag.

Sjå trekninga under spørsmåla med fasit.

LAURDAG
1. Erling Andersen er høgare enn Einar Vevatne.
2. Henrik Ibsen var første ikkje-kongelege på norske frimerker.
3. Lillegull var mor til Donald Duck (alle fekk rett, då Lillegull var gløymd som alternativ).
4. Torgeir Augundsson (Myllarguten) var kjent som spellemann.
5. Det er Weidemann som hadde malt bildet.
6. Rett svar var 20.

SØNDAG
1. Erling Andersen bruker større skostørrelse enn Einar Vevatne.
2. Ole Bull har vore motiv på norske frimerke 2 gongar. (1985 og 2010)
3. Bestemor Duck er den mest kjende søstera til onkel Skrue Mc Duck.
4. Norgar Hønseri låg på Røykenes.
5. Det gjekk med 3 kassar appelsiner til Ulvenmarsjen 2011.
6. Alderen var 73 år for far og 37 år for sonen.

21 deltakarar hadde alt rett på laurdag.

Følgjande 6 er trekt ut til å motta Ulvenmarsj T-sjorte:
Øyvind Tøsdal, Malin Tauskanen, Isabell Hjortland, Eli Saltnes, Linda Johansen og
Alette Helland.

4 deltakarar hadde alt rett på søndag:

T-sjorte til alle:
Anne Turi Kvittingen, Iselin Haukeland, Ariel Braathen og Mariell Haukeland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.