Tysnesingane vil ha bru
Ordførar i Tysnes, Kjetil Hestad (Ap) presiserer at kommunestyret i Tysnes går inn for bru over Bjørnafjorden.
Då folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden hadde medlemsmøte tysdag blei det hevda at det var ein auka motstand mot bru over Bjørnafjorden også på Tysnes.
Dette fekk ordførar Kjetil Hestad til å reagera.
– Det vil vera sterkt missvisande å seie at tysnesingane er i mot bru over Langenuen og Bjørnafjorden.
– Det er fatta eit einstemmig vedtak i Tysnes kommunestyre om trasé over Reksteren med bru over Bjørnafjorden, seier Hestad til Midtsiden.
Alle ikkje einige
Ordføraren fortel at også blant befolkninga på Tysnes er det forskjellige meiningar.
– Tilliks med befolkninga på Os og i Fusa så vil det alltid vera forskjellig syn på saker.
– Det har eg stor respekt for, men eg trur ikkje at eit møte der 50 personar deltek kan takast til inntekt for kva alle på Tysnes meiner.
– Det er brei einighet i Sunnhordland, Haugaland, Bergen og Stavanger om at ein ferjefri korridor mellom Bergen og Stavanger må finna kortaste veg mellom dei to byane.
– Dette er eit syn som også har brei tilslutning i Statens vegvesen som har utarbeidd fleire rapportar om strekninga mellom Aksdal og Bergen. Desse rapportane er også blitt etterprøvd av andre som kjem til nett same konklusjon at ei kryssing over Bjørnefjorden er det som utan tvil vil vera best, seier Hestad.
Håpar på snarleg vedtak
Hestad helsar det folkelege engasjementet velkomen.
– Det er fint at det arrangerast møter og anna om temaet, men no håpar eg at me i nær framtid kan få eit vedtak som gjer at me kan komma vida med denne saka, og starta detaljplanlegging av denne trasen i tråd med det som er folkets vilje- nemlig kortaste reisetid mellom Bergen og Stavanger, avsluttar Kjetil Hestad.