Lokal | 14. aug. 2013

Engasjementet held seg

Då Folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden inviterte til medlemsmøte stilte over 50 deltakarar. – Det blei ein livlig og engasjert diskusjon, fortel Knut Ivar Børgesen.

Engasjementet held seg
Vel femti medlemmar i folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden var samla i ungdomshuset på Haugland tysdag kveld (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 14. aug. 2013 10:38

Sidan folkeaksjonen blei stifta etter folkemøte i Øyane i oktober i fjor har arbeidsgruppa jobba iherdig, mellomanna med stands og fakkeltog mot bru over Bjørnafjorden i samband med orienteringa kommunestyret fekk frå Statens Vegvesen i Oseana i januar.

– Det har ikkje vore særleg tid til å samla medlemmane i folkeaksjonen tidlegare.

– Difor var det viktig for oss å få eit møte kor vi kunne gå gjennom kva som har vore gjort og skjedd, involvera medlemmane, diskutera nye argument og få stadfesta mandatet til arbeidsgruppa, fortel leiar Knut Ivar Børgesen.

Engasjerte medlemmar

Han var strålande nøgd med oppmøtet tysdag og fortel om ein engasjert og konstruktiv gjeng.

– Etter ei kort innleiing gjennomgang av historikken opna vi for diskusjon.

– Det blei det verkeleg, og vi heldt på i halvannan time med debatt, innspel og å spela ball på agumentane vidare.

Motstand også på Tysnes

Børgesen fortel om fleire nye moment som kom opp i løpet av diskusjonen.

– Ein av tingene som viser seg er at motstanden mot bru over Bjørnafjorden også er ganske stor på Tysnes.

– Det er særleg to tilhøve som går att der. Det eine er at ei bru vil ligga langt vest på Reksteren med kryssing av Langenuen godt mot nord. Det gjer at reiseruta mot sør for tysnesingane blir lengre enn ved den indre traseen.

– Det andre er at ein ved den midtre traseen går glipp av å knytta seg nærare til indre Hardanger.

Håkonsvern viktig for regionen

Aksjonsgruppeleiaren fortel at dei òg nytta eindel tid på å diskutere dei utspela som har kome frå forsvaret.

– Dei seier jo at alternativ K4B (Våge - Bjørnatrynet) er uleveleg, men at K4C mellom Reksteren og Røttingen kan vera ein moglegheit.

– Det er det ikkje for oss, dessuten er det ein alt for stor risiko å ta i høve Håkonsvern. Om ein fjernar øvingsområdet til sjøforsvaret, kan ein risikera at forsvaret vel å flytte marinebasen på Håkonsvern. Det vil få enorme ringverknader for heile regionen, og noko eg trur ingen politikar vil.

OPS og tunnel med høg risiko

Erna Solberg (H) sitt utspel om å bygga bru og tunnel under Halhjem ved hjelp av offentleg-privat-samarbeid (OPS) fekk òg temperaturen opp hjå folkeaksjonen.

– Ein slik tunnel er ikkje kostnadsrekna i det heile tatt. Det er få tilbydarar i eit OPS-samarbeid og usikker teknologi som skal nyttast i høve brua.

– Dei sikkerhetmarginane ein privat utbyggjer må legga inn i kalkylane sine vil vera så høge at det umogleg kan vera regningsvarande, meiner Børgesen.

– Den største nyhenda som likevel kom fram under møtet var at samferdselsminister Marit Arnstad (Sp) kjem til Os 28/8. Dette blei stadfesta av Fusa-ordførar Hans S. Vindenes (Sp) i går, avsluttar Børgesen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.