Trygg is fleire stadar
John Lepsøy har målt isen på Banktjørn og Ulvenvatnet i dag.
Etter ei iskald veke var isen på fleire vatn i Os i grenseland til trygg fredag, men frivillig is-testar i Os, John Lepsøy, sette i går opp skilt med at isen var utrygg på Ulvenvatnet og på Banktjørn.
– Men i dag ser det betre ut, seier Lepsøy laurdag.
• Isen på Banktjørn er no 12 cm tjukk og Trygg is-skiltet har kome opp.
• Delar av Ulvenvatnet, på sørsida av brua, har 12-15 cm tjukk is og skal no vera trygg.
– Frå Moberg og mot brua er isen tjukk og fin, men nord for brua, frå Borgen og mot Ulven, er den mellom 5 og 10 cm, så der er den førebels ikkje tjukk nok, seier John Lepsøy.
– På eige ansvar
Lepsøy minner om at all ferdsel i utmark, og på islagte vatn, er på eige ansvar.
Skilta er i tråd med Norsk Folkehjelp sine mål for trygg is, men er ingen garanti.
I denne artikkelen på Midtsiden kan du lesa meir om trygg ferdsel på islagte vatn.
Snø i natt - kaldt igjen over helga
Det er, både hos Yr og Storm, meldt 0 til 1 plussgrad og snø og sludd natt til søndag og søndag formiddag.
Så skal det bli kaldt igjen, allereie søndag kveld, med 2-3 minus på dagtid og minst 10 kuldegradar om nettene utover veka.