Lokal | 07. des. 2012

Blir isen trygg til helga?

Isen på Lekvenvatnet, Banktjørn og Ulvenvatnet er målt. Isen blir truleg tjukk og trygg på minst eitt av vatna denne helga.

Blir isen trygg til helga?
Fleire stadar på Ulvenvatnet er isen no 10 cm tjukk. Den blir likevel, inntil vidare, sett på som utrygg. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 07. des. 2012 14:32

– Vent litt med Banktjørn og Ulvenvatnet, seier John Lepsøy.

– Tjukk is på Lekvenvatnet, seier Karina Lekven.

Før førre helg kom det snø, måndag kom kulda, ned til under 10 minus kveld og natt.

– Det er utruleg kor kjapt det har frose på desse dagane, seier Lepsøy, pensjonist og frivillig is-testar i Os.

Tar nye målingar laurdag

Ifølgje Norsk Folkehjelp må stålisen vera 10 cm tjukk for å vera trygg.

I dag målte Lepsøy isen på Banktjørn og Ulvenvatnet.

– Banktjørn har 7 cm tjukk is. Ulvenvatnet har faktisk ein del tjukkare is, der var den 10 cm tjukk.

– Men eg har ikkje tatt mange nok målingar på Ulvenvatnet, legg han til.

Lepsøy har sett opp skilt der det står at isen er utrygg både på Ulvenvatnet og Banktjørn.

– Men eg tar nye målingar laurdag. Det skal koma snø og bli litt mildare laurdag kveld og natt til søndag, men vi kan kanskje setja opp trygg is-skilt søndag formiddag.

Truleg trygg is på Lekven

Karina Lekven, som bur ved Lekvenvatnet, fortel at isen på vatnet blei målt på onsdag.

Allereie då var isen 7 cm tjukk.

– Når karane kjem heim i ettermiddag skal dei måla isen igjen. Siden det har vore så kaldt også etter onsdag så kjem vi truleg til å ta isen i bruk både i ettermiddag og laurdag, trur Karina.

Snø i vente

Både Yr og Storm melder 0 gradar og ein del snø laurdag kveld, natt til søndag og søndag formiddag.

Det kan koma mellom 7 og 20 cm med snø frå laurdag ettermiddag til søndag formiddag.

Men så skal det bli kaldare igjen.

Vis isvett!

1. Den mørke, gjennomsiktige stålisen må vera minst 10 cm tjukk
2. Den gråkvite, porøse snøisen må vera minst 20 cm tjukk
3. Sjølv om isen har god bereevne, hald deg vekke frå:
• Utløp av elver og bekker
• Trange sund
• Kloakkutlaup
• Langs brygger og kaiar
• Langs strender med vekslande vasstand – spesielt regulerte vatn
• Strandområder med siv og planter
4. Går du gjennom isen - leit deg fram til der isen er mørkast – der er det ope vatn. For å kom opp bruk det du har for handa av spisse gjenstandar til å hogga tak i isen. Hjelp til med kraftige spark
5. Om andre går gjennom isen - få tak i noko som kan skyvast ut til vedkomande, f.eks. ein staur, busk, ski, stavar eller ein jakke. Ikkje gå oppreist, ak deg fram på magen og skyv gjenstanden framfor deg til den går i vatnet. Er det fleire på isen så lag ei lenkje ved å halda kvarandre i beina og ak fram for å redda den som har gått gjennom.
(Kjelde: Norsk Folkehjelp)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.