– Tru no ikkje at dette er uvanleg
Eg synest synd på renovatørene som kjem for å tøme.
Eit apropos til sak på Midtsiden som fortel at vi kastar mindre enn før, skriv innsendar.
Vedkomande legg ved fleire ferske bilde som viser situasjonen på Lepsøya ved Blindasundet.
Tru no ikkje dette er uvanleg, dette er slik me opplever at det ser ut kvar veke.
Enten har hyttebuarane ikkje lese godt nok i reglane, eller så tømer BIR for sjeldan. Her er det ikkje berre restavfall som blir tømt.
Frå BIR sine nettsider:
Restavfall skal legges i vanlige plastposer og knyttes godt igjen. Gjenstander som er for store til å puttes i plastpose og kastes i restavfallet, må leveres til en miljøpark. Viktig: Grovavfall er ikke restavfall. Restavfall fra husholdningen er ment for vanlig husholdningsavfall som må leveres i knytt pose. Rester fra f.eks oppussing skal ikke legges leveres som restavfall hjemme. For eksempel vil metaller, gips, elektronikk, keramikk og annet farlig avfall kunne skade både renovasjonsbiler, renovatøren under tømming og forbrenningsanlegg. Dette må leveres til en miljøpark. Restavfall- spann med løst avfall som dette, vil ikke bli tømt.
Eg synest synd på renovatørene som kjem for å tøme dei altfor små bosspanna, og som må rydda etter at fuglar og dyr har herja.
Restavfall-spann er normalt låste, men altfor ofte vert dei ikkje låste etter at folk med lovleg ærend har kasta avfallet sitt.
Det er kanskje på tide at kommunen og hyttebuarane tar eit tak.
Me har på eige initiativ kontakta Bir for å klaga på kvaliteten på låsane.
Helsing hyttebuar